Kulturminister Lubna Jaffery gav ros til Landskappleiken for å skape ein møteplass på tvers av generasjonar, for å halde oppe ein felles kulturarv, og samtidig dyrke dei individuelle prestasjonane.

Lubna opna kappleiken: – Folkemusikk byggjer band mellom menneske. Ikkje minst i vår tid, har det ein viktig verdi

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery var heidersgjest og fekk æra av å stå for den offisielle opninga av Landskappleiken 2024 på Gol onsdag kveld.

Det er ein allsidig jobb å vere kulturminister. Tidlegare denne veka deltok ho på Oslo Pride og vart kåra til årets «fag hag». Der flasha ho puppene, med glitterduskar over brystvortene, til stor jubel frå publikum.

20 spelmenn frå Hallingdal Låtelag, her ved Olav Arne Løstegard (t.v.) og Knut Fausko.

Jaffery drog ikkje det same stuntet på scenen i Gol Idrettsarena. Snarare tvert imot var ho både anstendig og sømmeleg kledd i hardangerbunad. Ein drakt som passa for høvet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stormønstring av lokale utøvarar

Frå første rad hadde kulturministeren orkesterplass til eit tettpakka program. Viss det kom nokon som håpte på setesdalsspel på gorrlaus bas, reiste dei skuffa heim. For opningskonserten var det eit reint hallingprogram, med meir enn 150 lokale aktørar på scenen.

Kulturminister Lubna Jaffery var ei av VIP-ane på fremste stolrad.

Hardingfelemusikk frå Hallingdal Låtelag, lur og bukkehorn frå Eilif Gundersen og Gjermund Stræte Lie, springardans frå 30 dansepar, nokre på scenen og andre spreidd utover mellom stolradene i salen. Det var spreke lausdansarar og jøgleri frå Nysetlifolket.

Nysetlifolket er kjent for publikum på Bygdamønstringa på Folkemusikkveka i Ål. Under Landskappleiken tok dei steget opp til eit nasjonalt publikum på Gol. Eit stort steg for Nysetlifolket, eit lite steg for menneskeslekta.

Ung eller gamal, programmet romma heile spennet frå meterhøge kvedarar frå Gol barnehage, til Hallgrim Berg (79), som framførte ein rykande fersk lått på seljefløyte, komponert i vårsola heime på sin eigen altan.

Hallgrim Berg framførte ein heilt fersk lått, ein nyskriven «altanlått» på seljefløyte, komponert i vårsola på sin eigen altan.

– Urnorsk og utan grenser

Både ordførar Heidi Granli og kappleiksgeneral Magne Øynebråten greip mikrofonen for å ønskje velkomen til bygda. Det var likevel kulturminister Lubna Jaffery som var den mest prominente VIP-en som vart ropt på scenen.

Magne Øynebråten markerer opninga av Landskappleiken med stødig bruk av sag.

– Det er ei stor ære å få opne Norges største mønstring av folkemusikk og -dans, sa Jaffery. Ho rosa arrangementet for å skape ein møteplass på tvers av generasjonar, for å halde oppe ein felles kulturarv, og samtidig dyrke dei individuelle prestasjonane.

Hallingspel frå ei stor gruppe langeleikspelarar, kring 15 i talet.

– Folkemusikken og -dansen er ei kulturform som tilhøyrer alle. Det er urnorsk og samtidig utan grenser. Og det er ei kunstform som ikkje har stivna, men som stadig er i utvikling. Og viktigast av alt: Folkemusikk byggjer band mellom menneske. Ikkje minst i vår tid, har dette ein viktig verdi, sa ho.

– Folkemusikken og -dansen er ei kulturform som tilhøyrer alle. Det er urnorsk og samtidig utan grenser, sa kulturminister Lubna Jaffery.

Heidundrande ambisjonar

Kulturministeren hadde gjort heimeleksa og lese seg opp på meir enn 50 år gamal kappleikshistorikk. Ho kasta eit blikk bakover på sist Gol var sentrum for Landskappleiken, i 1972. Også den gong var det ny rekord i talet på deltakarar, slik det også har blitt i år.

Frå opningskonserten på Landskappleiken med Hallingdal Låtelag på scenen til venstre og ei stor gruppe langeleikspelarar på scenen til høgre.

Ho siterte dåverande formann i Landslaget for spelemenn, Jon Stuvøy, som i avslutningstalen i 1972 tok til orde for å innskrenke talet på deltakarar: – Elles er eg redd Landskappleiken vil vekse oss over hovudet, sa han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spenst og akrobatikk frå spreke lausdansarar. F.v.: Eivind Vestenfor, Ola Storøygard, Diis Eirin Moholt Kolsrud, Vebjørn Jøtun Fauske og Olav Andreas Stræte Lie.

Kulturministeren var derimot glad dei som har hatt ansvar for Landskappleiken dei siste 50 åra har hatt høgare ambisjonar sett seg høgare mål.

– Eg er sikker på at de vil få ein heidundrande kappleik. Og med det erklærer eg Landskappleiken for 2024 for opna, sa Jaffery.

Hallingspringar frå ei talrik gruppe karar og kvinner på toradar.