I over fire timar gjekk politimeister Christine Fossen i Sør-Øst politidistrikt og Hallingtinget gjennom innhaldet i nærpolitireforma.
I over fire timar gjekk politimeister Christine Fossen i Sør-Øst politidistrikt og Hallingtinget gjennom innhaldet i nærpolitireforma.

– Lokalkunnskap forsvinn utan lensmann

Flå-ordførar Tor Egil Buøen var skarpast i kritikken av den nye politireforma då politimeister Christine Fossen møtte Hallingtinget.

Flå vil saman med Nes og Ål stå utan lensmannskontor dersom politimeisterens forslag til framtidig struktur og organisering av det nye politidistriktet blir vedteke.

– Eg er uroa over lokalkunnskapen som forsvinn utan lensmann. Lokalkunnskapen blir brukt i det daglege virket. Den må me halde på, ikkje ha sju mil til nærmaste bemanna post, sa Buøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget om at det i staden skal opprettast ein politikontakt som skal vere til stades ein eller fleire dagar i veka, hadde Buøen heller ingen tru på.

– Ein brukar tid på å opparbeide lokalkunnskap. Ein politikontakt er ingenting. Ingen erfaren politimann søkjer på ein slik stilling.

«Smutthullet»

Buøen held fram.

Flå-ordførar Tor Egil Buøen er ikkje fornøgd med at Flå ser ut til å miste lensmannskontoret. – Eg er uroa over lokalkunnskapen som forsvinn utan lensmann, sa Buøen i Hallingtinget.
Flå-ordførar Tor Egil Buøen er ikkje fornøgd med at Flå ser ut til å miste lensmannskontoret. – Eg er uroa over lokalkunnskapen som forsvinn utan lensmann, sa Buøen i Hallingtinget.
Mistar lensmann? – Uansett korleis den nye reforma blir, vil vanlege innbyggarar oppleve at dei får eit dårlegare tilbod når lensmannskontora forsvinn, meinte Ål-ordførar Solveig Vestenfor.
Mistar lensmann? – Uansett korleis den nye reforma blir, vil vanlege innbyggarar oppleve at dei får eit dårlegare tilbod når lensmannskontora forsvinn, meinte Ål-ordførar Solveig Vestenfor.

– Utan lensmannskontor i Nes og Flå blir det eit politifritt område her. Det blir heller ikkje politi i Krødsherad eller Sigdal. Det er eg uroa for, sa Buøen, og lanserte eit nytt uttrykk for det han kallar det politifrie området:

– Det blir eit «smotthol» midt i Buskerud. Og det er 10-15.000 hytter her også. Og berre i Flå passerer det 2 millionar køyretøy i året.

Då hadde kollegaen i Nes, Tore Haraldset, framført noko av dei same bekymringane og kalla nærpolitireforma for ein «fjernpolitireform».

Ål-ordførar Solveig Vestenfor følgde opp.

– Litt sleivete sagt, kanskje. Men om nokon vil gjere noko kriminelt i Hallingdal, bør dei gjere det vinterstid nedom Svenkerudbrua.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bestemt på førehand

Vestenfor er misfornøgd med at lensmannskontoret i Ål er foreslått lagt ned.

Ho kalla grunngjevinga om kvifor Ål-kontoret blir lagt ned for «skrekkeleg dårleg».

– Eg er oppteken av den vanlege mannen i gatas møte med politiet. Eg trur at uansett korleis den nye reforma blir, vil vanlege innbyggarar oppleve eit dårlegare tilbod når lensmannskontora forsvinn.

Vestenfor viste til lensmannskontoret som eit viktig bindeledd og samarbeidsorgan mellom andre offentlege etatar og institusjonar. Ho har også sitte i styringsgruppa.

– Eg har prøvd i gi innspel, men er nok noko resignert. Innspela me har kome med, blir tilsynelatande lytta til utan at nokon tek dei innover seg. Mykje er bestemt på førehand, meinte Vestenfor.

Lang seanse

Politimeister Christine Fossen i Sør-Øst politidistrikt kom til Vestlia Resort på Geilo og Hallingtinget onsdag for å gå gjennom innhaldet nærpolitireforma.

Forslaget til ny organisering av politidistriktet er ute på høyring til 1. desember. 15. desember kjem den endelege tilrådinga frå Fossen til Politidirektoratet. I ein seanse som vara godt over fire timar vart reforma gjennomgått og debattert. Fossen peikte på at reforma, med styrking av fagmiljø, ny teknologi, kunnskap og nye arbeidsmetodar, skal gi eit betre politi. At nedlegging av lensmannskontor skaper debatt, forstod ho.

– Me er klar over at det blir rørt ved gamle institusjonar. Men me vil stenge nokre dører for å få betre ressursflyt, sa Fossen, og avviste kritikken som har kome om at «alt er bestemt på førehand» og at dei lokale innspela i høyringsperioden ikkje blir lytta til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til ordføraranes uro for svekt lokalkunnskap utan lensmann svara lensmann i Gol og Hemsedal og regionslensmann, Brit Fyksen:

– De må ha tru på at tenestemenn frå Ål og Gol kan opparbeide seg lokalkunnskap i Flå. Hallingdal er ikkje større enn at det er mogleg.