Slik såg det ut då Hallingdølen besøkte Linus og gjengen på Krosstølane for nokre år sidan.

Linus (12) er redd det ikkje blir kyr på stølen i sommar: - Eg trur det blir krise

Brørne Linus og Sivert bur kvar sommar på Krosstølane i Hemsedal. Men i år ser det ut til at det ikkje blir kyr på stølen. No håpar dei å få hjelp frå bønder som kan tenke seg å sende nokre dyr på stølsferie.

Kanskje hugsar du Linus? Hallingdølen skreiv om han og broren Sivert for nokre år sidan. Då fortalde dei om stølslivet i Hemsedal.

Dei var då saman med Espen Dag Rydland, som er besøksheim for dei to gutane. I mange år har gutane brukt ferien sin som «budeier» på Krosstølane. Då Hallingdølen sist skreiv om dei, viste Linus fram kyrne Gyda, Lillemor, Connie ku og Kvitfot. Han fortalde journalisten at stølen ikkje hadde vore den same utan kyrne.

Artikkelen held fram under annonsen.

På jakt etter kyr

Stølen har dei i alle år leigd av bonde Tori Snerte. No har ho slutta med mjølkekyr, og i staden gått over til ammekyr. I år har ho prøvd å «låne» nokre kyr til å gå på stølen i sommarmånadene, men utan napp. No gjer også Linus eit forsøk - i avisa Nationen ber han mjølkebønder om hjelp til å få kyr på stølen i sommar.

– Det er jo mange andre dyr der, men dei treng me ikkje å gjere så mykje med. Det tek få minutt. Det blir ikkje det same utan mjølkekyr. Eg trur det blir krise, for me brukar mange timar på dei kvar dag. Me steller dei veldig godt. Så blir det ikkje kvikaku heller, me kan ikkje lage rømme eller brunost, seier Linus til Nationen.

Tori Snerte (bak, t.v.) er eigar av stølen og har prøvd å få tak i kyr i sommar. Her er ho saman med dottera Elvira, Espen Dag Rydland (foran), Linus Magnussøn Lunde og Zemach Bar Cohen.

12-åringen veit akkurat kor mange dyr han kan tenke seg å ha på båsen.

– Åtte er midt i blinken. Det må minst vere fire. Under fire kyr blir det for lite mjølk og for lite jobb. Det er ikkje så stort fjøs, og det er berre plass til ti, seier han.

Lang fartstid på stølen

Espen Dag Rydland har vore på Krosstølane heilt sidan 1990. Då han kom over ein annonse der garden Snerte søkte etter budeie, sende han eit brev. Sidan den gongen har han brukt ferien frå jobben som byplanleggar til å reise til Hemsedal. Der har han ysta ost, passa dyr og steikt bakst på takke.

I 2013 hamna han og gutane til og med på TV-skjermen. Då var dei med i serien «Endelig ferie» på TV Norge, ein serie som handla om nordmenn som valde å tilbringe ferien sin i Norge.

No håpar både Rydland, Linus og Sivert at nokon likevel vil sende kyrne sine til Hemsedal i sommar. Til Nationen seier Rydland følgande:

– Heile livet på stølen dreier seg om mjølkekyrne. Vårt draumetilvære fell saman om me ikkje får tak i kyr. Så det bekymrar me oss for. Eg håpar bønder der ute ser verdien av at nokon tek vare på stølstradisjonane, og held kulturlandskapet i hevd. Eller kanskje dei berre vil sende kyrne på ein velfortent sommarferie i Hemsedal, til nokon som tek vare på dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Linus og kyrne på Krosstølan i Hemsedal. Slik er Linus vant med å bruke kvar sommarferie.