Det kjem ikkje nye kull etter at elevane som går på naturbruk på Lien i år er ferdig utdanna. Kva som skjer med garden Lien og skulebygningane er framleis eit ope spørsmål. Fylkeskommunen og vertskommunen Ål skal gå i dialog om løysingar. (Arkivfoto)
Det kjem ikkje nye kull etter at elevane som går på naturbruk på Lien i år er ferdig utdanna. Kva som skjer med garden Lien og skulebygningane er framleis eit ope spørsmål. Fylkeskommunen og vertskommunen Ål skal gå i dialog om løysingar. (Arkivfoto)

Lien landbruksskule: 1911 - 2018

Buskerud fylkeskommune har sett sluttstrek for naturbruk på Lien. Siste undervisningstime blir truleg gitt våren 2018.

Då fylkestinget i Buskerud 15. desember, bestemte ny skule-investeringsplan sette dei truleg også punktum for Lien, på Torpo.

Ei 105 år lang historie blir broten. Med mindre ein får stabla på beina eit nytt eittårig agronomkurs for vaksne er det slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er trist om Lien blir lagt ned, men ein må ta inn over seg at det er nye tider, seier Solveig Vestenfor. Ål-ordføraren vel å gå inn i 2017 med håp om at det finst alternativ til nedlegging.

Berre sikra drift til juni 2018

Det er for tidleg å konkludere. Fylkeskommunen og vertskommunen Ål skal begge inn i ein felles «prosess» for å få «avklart framtidig forvaltning» eventuelt få i stand sal av eigedommen.

Dialogen er venta å kome i gang like over nyttår, og først etter dette vil fylkestinget ha ei eiga sak på bordet om framtida.

Utdanning på vidaregåande nivå, med naturbruk som i dag, vil bli vidareført ut skuleåret, og 2017/2018, men etter våreksamen ser ein per i dag ikkje vidare driftsgrunnlag.

Over hundre år lang historie

Det vil vere ein milepæl, fordi det har blitt gitt denne type utdanning her sidan 1911. Først i form av ein omreisande skule, men alt frå 1921 som ein «landbruksskule for fjellbygda» med base på Lien. Om det blir slutt i 2018 betyr det 106 år med samanhengande skuledrift.

– Eg er oppriktig glad i naturbruk, men at ein no er komen til dette er eit bilete på at tidene har forandra seg, seier Oddvar Skråmestø. Han har vore rektor ved Lien (i dag avdeling under Ål vidaregåande skole) sidan 1988.

Han vil også vente på den politiske saka før han trekkjer konklusjonar.

– Finst det eit liv for Lien etter naturbruk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å rekruttere ungdom til landbruksutdanning er vanskeleg i heile landet, men fagopplæring for vaksne vil tvinge seg fram. Mange vil bli agronom i vaksen alder. Dersom politikarane vil, kan me tilby utdanning her, seier han.

I praksis kan det her stå mellom å etablere tilbodet ved Rosthaug eller Lien.

75 millionar kroner til vedlikehald

Det kan bli eit økonomisk spørsmål. Fylkeskommunen meiner det vil koste 75 millionar å ta att etterslepet på vedlikehald. Når også fylkeskommunen må spare, vil dette tale for sal. Men det store etterslepet trekkjer neppe kjøpesummen opp. Dersom det er Ål kommune som skal vere kjøpar, må kjøpesummen bli temmeleg symbolsk.

Fjellandbruksskule og samdrift

Buskerud fylkeskommune har tatt på seg å finansiere det nyetablerte fagskuletilbodet, og her er det forpliktande avtalar fram til 2018.

Dette ligg også til Lien i dag, men er eit studium som om nødvendig kan bli gjennomført andre stader. Det er også ein samdriftsavtale gjennom Lien og Storedal Samdrift BA, med bindande avtalar ved oppløysing.

Dersom det skulle bli sal, vil garden Lien og skuledelen mest truleg bli splitta og selt kvar for seg.

Ettersom dette neppe vil skje før 2018, vil det vere om lag eitt hundre år etter at generalkonsul Rudolf Olsen skjenka garden Lien til «Buskerud amt», som det heitte den gongen – «til drift av en landbruksskole for fjellbygda», som det heiter.

– Landbrukets plass i samfunnet har endra seg, konstaterer Skråmestø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men me gir ikkje opp før det er kroken på døra, seier ordførar Vestenfor.