– Me kan slutte med munnbind. Eg kastar det ikkje, men har det på innerlomma, sa statsminister Jonas Gahr Støre.

Her er dei nye reglane: Avviklar meteren og påbod om munnbind

– Denne dagen har me venta på. Me fjernar nesten alle tiltak.

Slik opna statsminister Jonas Gahr Støre laurdagens pressekonferanse. Lette i tiltaka er i tråd med råd frå Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet.

– Avstand er ikkje lenger nødvendig. Meteren har hindra oss å leve normalt og har vore vanskeleg for alle som lever av at folk kan samlast, sa Støre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Munnbind på innerlomma

– Me kan slutte med munnbind. Eg kastar det ikkje, men har det på innerlomma, sa han. Han sa at ingen kunne førestille seg omfanget av dei tiltaka som vart innført i mars 2020, for snart to år sidan.

– Og heldigvis visste ingen kor lenge tiltaka skulle vare. Me kan ikkje i dag erklære pandemien for over. Smitten vil framleis prege samfunnet ei tid. Sjukefråværet vil vere framleis høgt, men risikoen for alvorleg sjukdom er vesentleg mindre, sa Støre.

Laurdag kalla regjeringa inn til pressekonferanse for å informere om lette i koronatiltaka. F.v.: Direktør i Helsedirektoratet Bjørn Guldvog, helseminister Ingvild Kjerkol, statsminister Jonas Gahr Støre og Camilla Stoltenberg, direktør i FHI.

Fleire vil bli sjuke

Regjeringa forventar at smitten vil auke som følgje av at samfunnet opnar opp. Mange vil bli smitta og sjukefråværet kan bli høgt. Regjeringa forventar også at talet på sjukehusinnleggingar vil auke.

– Men me er i stand til å handtere smitteauken, sa helseminister Ingvild Kjerkol. Regjeringa legg til grunn at pasientane vil vere kortare tid på sjukehus, og at færre vil trenge intensivbehandling. FHI meiner sjukehusa vil ha kapasitet til å handtere dette.

Dette er endingane:

Dette er nokre av dei viktigaste endringane som gjeld frå laurdag 12. februar klokka 10:

* Krav og tilråding om å halde ein meter avstand blir oppheva.

* Krav om bruk av munnbind blir oppheva.

* Berre vaksne som har symptom er tilrådd å teste seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Krav til isolasjon blir oppheva og erstatta med eit råd om at smitta vaksne held seg heime i fire døgn. Denne tilrådinga skal vurderast fortløpande og forventninga er at det kjem endringar innan få veker.

* Barnehagebarn og skuleelevar er tilrådd å halde seg heime når dei er sjuke, men kan gå i barnehagen og på skulen så lenge dei har vore feberfrie i 24 timar. Barn og skuleelevar treng ikkje teste seg sjølv om dei har symptom.

* Restriksjonar ved innreise blir oppheva. Det er ikkje lenger plikt til registrering og negativ test før innreise i landet.

Held oppe beredskapen

Sjølv om dei fleste tiltak er fjerna, vil ikkje regjeringa erklære pandemien for over. Landet er midt i ei smittebølgje og dei forventar at nye virusvariantar kan kome. Regjeringa jobbar difor med ein ny langsiktig strategi og beredskapsplan som skal bli lagt fram i vår.

– Eit hovudmål med strategien er at me skal kunne leve med covid-19 på ein slik måte at det gir så lite belastning for enkeltmenneske og for heile samfunnet som råd, seier Støre.

– Me må ha god beredskap for å handtere smitteutbrot og nye virusvariantar. Eit rammeverk med ulike pakkar smitteverntiltak tilpassa ulike situasjonar og tiltaksnivå, skal bidra til å gjere det meir føreseieleg både ved innstrammingar og ved lette i tiltaka. Me må vere budd på handtere også det me håpar ikkje skal skje, seier Kjerkol.

Regjeringa har bestemt at covid-19-epidemien per i dag ikkje lenger er definert som eit «alvorlig utbrudd av allmennfarlig smittsom sykdom» etter smittevernlova. Det betyr at alle tiltak som er heimla i smittevernlova § 4-1 andre ledd, blir oppheva. Men kommunane har framleis høve til å setje i verk lokale tiltak ved behov.

Les også
Uroa for at sjukefråværet skal bli ei utfordring: - Spent på dei neste vekene
Les også
Ein folkefest er avlyst - men andre planlegg for fest utan restriksjonar
Les også
Skuldar skisenteret for slurv med sikkerheita: – Kva nyttar det å lagre polstringsmattene her?