Beate Marie Sollien Høgberg har sendt inn eit bilete frå sin hengekøyetur på Liatoppen torsdag.

Lesarane sine eigne bilete: Rolege dagar heime og i naturen

Me har kome godt i gang med den «nye» kvardagen. Alle løyser koronasituasjonen så godt dei kan, og her har Hallingdølen sine lesarar sendt inn nokre glimt av korleis dei har det. Ikkje minst i det fine vêret me hadde i helga! Naturen kan brukast, sjølv om me må halde avstand til kvarandre. Vil du sende inn ditt bilete til oss? Bruk e-post redaksjonen@hallingdolen.no eller #hallingkarantene på Instagram.

Sit i isolasjon, skriv Bjørnar Jordheim. Innertiar!
Heldige er me som har god plass i desse dagar, skriv Oddny Solli.
Desse to har tatt med seg mamma og pappa på trugetur, skriv Torunn Røer.
"Eg dreg på hytta". Bokstaveleg talt. Innsendt frå Bjørnar Jordheim.
På jobb på Tafa også på ein sundag, skriv Vasil Tafa.
Berit Nilsen seier det er rart å ha fjellet nesten for seg sjølv.
Hvordan skal man tolke det klokka sier? spør Bernt Ivar Hjelmsø.