Leitte etter eldre skiløpar

Det vart ved 18-tida torsdag sett i gang ein leiteaksjon etter ein skiløpar i Bergsjø-området i Ål. Røde Kors, politiet og redningshelikopter deltok i aksjonen.

Etter kort tid vart skiløparen, ein mann i 80-åra, funnen. Han hadde fått eit illebefinnande, men var elles i god form. Mannen vart teken hand om av helsepersonell.