Det er Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal som er sakna, etter at han la ut på fisketur for snart fire veker sidan.
Det er Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal som er sakna, etter at han la ut på fisketur for snart fire veker sidan.

Leiteaksjonen held fram

Politiet leitar framleis etter Tom Rune Hagen (36) frå Nore og Uvdal, som har vore sakna i snart fire veker.

Ein leitaksjon etter Hagen vart sett i verk forrige veke. Mannen frå Nore og Uvdal har ikkje gitt lyd frå seg sidan han la ut på fisketur 20. juli. Onsdag ettermiddag står politiet framleis utan spor.

Hjelpekorps og hundar

- Me har framleis ikkje gjort noko funn, men søket held fram utover ettermiddagen, seier Anne Guri Rustgaard, lensmann i Nore og Uvdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leitaksjonen er framleis konsentrert kring områda Vestfjellet og Haugåsen i Nore og Uvdal, men blir stadig utvida.

Onsdag deltok også kring 30 personar frå Røde Kors hjelpekorps Nore og Uvdal med bistand frå Kongsberg i søket. I tillegg gjer politiet søk med eigne søkshundar.

Held fram

- Me har heller ikkje fått inn tips eller observasjonar så langt. Men me held trykket oppe. Me er veldig interesserte i tips dersom publikum har nokon form for opplysningar om den sakna mannen som kan ha betydning for etterforskinga. Eller som gjer at me kan kome i kontakt med han, seier Rustgaard.

Tipstelefon

Politiet har no oppretta ein tipstelefon hjå Søndre Buskerud politidistrikt. Folk som har observasjonar eller tips knytt til leiteaksjonen kan ringe politiet på 02800.

Der kan ein be om å bli sett i kontakt med politiet i Søndre Buskerud.