Leitar framleis etter den sakna kvinna - forsvann sporlaust etter at ho gjekk av toget
Politiet ber publikum om hjelp for å finne ei kvinne som no er sakna. Ingen har sett ho etter at ho gjekk av Bergensbanen 8. juni.
Fredag går politiet ut med fleire opplysningar, i håp om at nokon kan ha sett henne.
Kvinna vart meldt sakna av familien 8. juni klokka 16. Då skulle ho eigentleg ha kome til flyplassen på Torp, med eit fly frå Bergen. Men ho dukka ikkje opp.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sidan då har politiet etterforska saka, og funne ut at ho gjekk på toget i Bergen klokka 15.37 den 8. juni. Der sat ho i vogn sju.
Ho skal deretter ha gått av toget på Finse. Togstrekninga og stasjonar vidare austover har blitt sjekka, men ingenting tydar på at ho har vore med lenger enn dette.
Det har blitt gjennomført eit omfattande søk rundt Finse, men det er ikkje funne spor etter ho. No kjem politiet med konkrete opplysningar om kva ho hadde på seg, i håp om at nokon kan ha sett ho:
* Lys rosa/fersken Hoka joggesko
* Olabukse
* Nordheim Fløyen 2.0 regnjakke, i blå/lilla farge
* RAB ryggsekk, 25 liter, marineblå
Kvinna er ifølgje politiet DNT-medlem, er van med å ferdast i fjellet og kan derfor ha tatt seg inn på ei hytte på Hardangervidda.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet ber folk ta kontakt på 33 34 44 00 om nokon har sett ho eller har tips i saka.