Har nokon sett Bolt? Den engelske setteren på 11 år forsvann frå ei hytte på Imingfjell tysdag 3. januar. To døgn seinare er det framleis ingen spor eller observasjonar av hunden.

Leitar etter hannhunden Bolt (11) på tredje døgnet

Tysdag føremiddag forsvann den engelske setteren frå ei hytte på Imingfjell i Uvdal.

Onsdag leitte hundeeigar Thomas Glede Allum frå Svelvik langs Sønstevatn på Imingfjell, men utan hell. Torsdag føremiddag er Allum ute i skiløypene att for å leite etter den kvite og brune hannhunden. Gjennom dagen fekk han hjelp av folk til å leite på både ski og skuter.

Fredag morgon er hunden framleis sakna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er litt som å leite etter nåla i høystakken. Det er eit stort område, mykje hytter og mykje vidde. Snø og vind i dag er heller ikkje dei beste forholda å leite i, men det skal vera meld betre i ettermiddag og i morgon, seier Allum fredag morgon, som på ingen måte har gitt opp.

Forsvann ved hytta

Bolt forsvann frå ei hytte nær Imingfjell turistheim, nærare bestemt Glopphovda, rundt klokka 11 tysdag føremiddag.

– Er han kjent i området?

– Me har hatt hytte her i to år. Han er glad i lange turar, men ikkje noko særleg lenger enn på kring fire timar. Likevel er han ein seig gammal kar på 11 år, seier Allum.

Han har vorte att på hytta med ein av dei andre hundane sine i håp om at Bolt vil dukke opp.

Hundeeigar Thomas Glede Allum frå Svelvik er att på hytta på Imingfjell i håp om at hannhunden dukkar opp.

Håpar på tips

Bolt er kvit og brun, har på seg eit blått halsband med telefonnummer og er chippa. Politiet er varsla, i tillegg er hunden etterlyst på sosiale medium på begge sider av fylkesgrensa og gjennom gruppa Rømlingen.

– Har nokon sett han?

– Nei, men eg har fått mykje råd og tips, i tillegg til mange delingar på nett. Det er veldig bra. Rømlingen gjer også ein kjempejobb. Me er takksame for alle som deler og hjelper. No håpar me nokon ser han og tek kontakt, seier Allum.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fekk Tinka heim etter tre døgn på flukt: – I dag skal ho få liggje på teppet og slappe av
Les også
Tinka stakk til skogs etter rakettsmell: – Det er frykteleg. Eg tenkjer på at ho frys og er redd
Les også
Fortvila over fyrverkeri i romjula: – Ho finn den mørkaste plassen i huset, og ligg der og ristar i timevis
Les også
Dei var i ferd med å gi opp Luna, men så tok dei kontakt med hundekviskraren ...
Les også
Pass på! Her er julematen kjæledyra dine ikkje bør ete