– Me ser særleg alvorleg på det som gjeld buforholda, seier Lars Gulbrandsen, leiar ved Nesbyen statlege mottak.
– Me ser særleg alvorleg på det som gjeld buforholda, seier Lars Gulbrandsen, leiar ved Nesbyen statlege mottak.

Leiinga tek sjølvkritikk

Leiar ved Nesbyen statlege mottak, Lars Gulbrandsen, sa førre tysdag at kritikken frå bebuarane var overdriven. I dag stadfestar han at mottaket har fått krass kritikk frå UDI.

– Tilsynet avdekka ein del kritikkverdige forhold. Det legg me oss flate for, og me har starta arbeidet med å rette det opp, seier han.

Arbeidet var starta opp allereie før tilsynet var på besøk i mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men rapporten har ført til at arbeidet er intensivert, seier han.

Mugg og sopp

Under tilsynet i mai vart det avdekka 20 avvik som må utbetrast.

– For oss er alle avvika vesentlege, men me ser særleg alvorleg på det som gjeld buforholda, seier han.

Det vil no bli installert nytt ventilasjonsanlegg for å hindre mugg- og soppskadar i våtromma, opplyser han.

Demokratisk

Mottaksleiaren rapporterer skriftleg til UDI om utbetringar som er gjort og har sendt ein detaljert plan for det arbeidet som står att.

Eitt av punkta på lista, er å sikre at bebuarane er demokratisk representerte i samarbeidsrådet og at dei får delta i planarbeidet.

– Frå 1. juli skal me ta opp att eit systematisk arbeid for å få bebuarane til å velje sine eigne representantar, seier han.