Muhammad Reza Ebrahimi får bli i Norge til saka hans er oppe i retten.
Muhammad Reza Ebrahimi får bli i Norge til saka hans er oppe i retten.

Lauslaten torsdag

Muhammad Reza Ebrahimi slapp ut av Trandum Utlendingsinternat torsdag. No blir han i Norge i påvente av rettssaka.

Muhammad Reza Ebrahimi var ein av 63 ungdommar som natt til tysdag 15. november vart arrestert av politiet under ein aksjon mot fleire asylmottak. Myndigheitene var redde for at dei skulle rømme, og slo til utan varsel. Ungdommane var vurdert til å vere over 18 år. Vel fremme på Trandum fekk dei opplese avslaget på asylsøknadene sine.

Slepp reise no

Advokat Jostein Løken har saksøkt Utlendingsnemnda på vegner av tre av ungdommane, deriblant Ebrahimi. Utlendingsnemnda har no fråfalle kravet om fengsling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er berre heilt fantastisk. Eg vitja han på Trandum tysdag sist veke. Då var han ganske prega, fortel afghanarens tidlegare verje, Ragnhild Halbjørhus i Hemsedal. No slepp Ebrahimi å bli uttransportert til Afghanistan i helga. Han får vere i Norge til saka kjem opp i retten. Kanskje ikkje før over nyttår.

– Men eg tenkjer på dei 60 andre som no må reise, seier Halbjørhus. Det vart tidlegare varsla om uttransportering 4. desember.

Det var under eit møte torsdag, at Halbjørhus fekk telefon frå bror til Muhammad Reza Ebrahimi.

Slapp laus

– Han var redd og fortvila. Han hiksta og gret og fortalde at han hadde lese om uttransporteringa. Eg ringde så advokaten og snakka litt. Litt seinare hadde eg eit ubesvart anrop, men fekk så ein sms frå broren om at «Muhammad Reza løslates i dag», fortel Halbjørhus. Ho seier dette er advokat Jostein Løken si forteneste.

– Han har jobba dag og natt med denne stemninga, fortel ho. No har politiet transportert Ebrahimi til mottaket på Kongsberg att.

– Kva skjer no?

– Eg veit ikkje. Men han skal vel vere på mottaket til saka kjem opp. Det er ei omfattande stemning for tre av dei unge asylsøkjarane. Ein av dei er allereie sendt attende. Alder er berre ein bit av det heile, seier ho.

Ebrahimi har pass frå den afghanske ambassaden i Oslo som seier han er født i august 1999. Fleire frå både UDI, politiet og skule meiner han er mindreårig. Men det er den omdiskuterte aldersvurderinga frå lege Jens Grøgaard (UDI) som meiner det er uaktuelt at Ebrahimi er berre litt over 16 år. Ebrahimi blir vurdert til å vere om lag 20 år. Det kan ikkje utelukkast at han er yngre enn 18, men det er lite sannsynleg. Dermed vart alderen sett opp til over 18 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er håp

Dei tre afghanske ungdommane det er snakk om har ikkje vore i Afghanistan på veldig lenge.

– Muhammad har ikkje vore der sidan han var ti år. Han kjenner ingen der. Eg håpar no på å treffe han i løpet av neste veke eller kanskje neste helg, seier ho.

– Du har litt «verje-rolle» framleis?

– Eg klarar ikkje sleppe dei. Det kjennest heilt feil, svarar Halbjørhus.

– Ebrahimi har fått ein liten pustepause no då? Er det håp?

– Ja, det er ei lita glede oppi alt som er mørkt. Det er håp. Heilt klart. Det blir spennande at han får prøvd saka si i retten, seier ho.

I 2015 fekk over 80 prosent av afghanarane asyl. I år får berre 26 prosent asyl. No er Norge ein av dei strengaste landa i Europa når det gjeld afghanske asylsøkjarar, skriv VG. Dei fleste familiar og einslege menn må no, nær utan unntak, reise heim att. Dei under 18 får bli til dei er myndige. Myndigheitene meiner dei treng berre omsorg – ikkje vern. Det er faktisk berre Danmark no som gir færre afghanarar asyl enn Norge.

UDI gjorde ved starten av året ei ny vurdering av faregraden ved å sende afghanske asylsøkjarar heim att. Samstundes slo ein høgsterett-dom fast at ein kan sende barnefamiliar attende til intern flukt i Kabul.