Ein semitrailer har hamna i grøfta på Rv7 ved Bromma.
Ein semitrailer har hamna i grøfta på Rv7 ved Bromma.

Lastebil køyrde i elva

Ein lastebil køyrde av vegen i Hemsedal og ut i elva. Nyttårsaftan måtte politiet rykke ut til fleire trafikkuhell rundt om i Hallingdal.

Ved åttetida på kvelden nyttårsaftan meldte politiet at ein lastebil hadde køyrd av vegen ved Venåsen i Hemsedal. 

Dei meldte vidare at lastebilen hamna i elva, men at sjåføren hadde kome seg ut på eiga hand og verka uskadd. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vart meldt om veldig glatt vegbane på staden. Tungbergar kom til staden for å få lastebilen opp frå elva att, medan mannskap kom for å strø vegen. 

Fleire uhell

Klokka 21.05 fekk politiet melding om endå ein lastebil som hadde køyrd ut. Denne gongen i Maibakkan på riksveg 7, mellom Ål og Hol. 

- Politiet er på staden, ein person meldast å vere uskadd, fortalde operasjonsleiar Anne Meyer ved politiet i Sør-Øst. Det vart ikkje meldt om nokre trafikale problem som følge av utforkøyringa. 

Rundt klokka halv ett på natta fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Gol, i krysset Golbergremmen/Golbergsgutu. To bilar var involvert, og i alt åtte personar. Naudetatane rykka ut, men det vart ikkje meldt om nokon personskade. 

Stengte fjellovergangar 

Det vart på kvelden nyttårsaftan meldt om glatte vegar fleire plassar, og det vart etter kvart mykje vind. Det førte til at riksveg 7 over Hardangervidda vart stengt før midnatt, det same med fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol. 

Det er venta kraftig vind i Sør-Norge utover dagen 1. januar. Det er oransje farenivå i både Agder, Telemark og Buskerud på grunn av kraftige vindkast - vinden er venta å løye utover kvelden.