Kommunedelplanen for Gol tettstad skal leggje føringar for arealbruken mellom anna ved Storøyne. Etter tre år er den framleis ikkje godkjent, fordi vegvesenet krev betre trafikkanalysar. (Arkivfoto)

Lang kamp om kommunedelplanen - vegvesenet er ikkje fornøgd etter tre år

Kommunedelplanen frå 2018 er framleis ikkje godkjent, og det påverkar utviklinga i Gol. Årsaka er eit tre år gamalt motsegn frå vegvesenet.

Utviklinga i Gol kommune går i ekspressfart. Alt tydar på at det er stor optimisme i kommunen. Gamle Gol skule skal bli til bustader, og store aktørar vil utvikle handelsområdet på Storøyne vidare.

Les også
Legg opp til storutvikling ved riksvegen: 15 meter høge bygg, leilegheiter og kontor

For å få lov til å gjere dette, må prosjekta vere forankra i ein reguleringsplan. Etter alt å døme er ikkje kommunen negativ til utviklinga, men dei står ovanfor nokre utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre år utan løysing

Heilt i botn ligg nemleg ein kommunedelplan, som skal leggje føringar for korleis arealet i Gol tettstad kan brukast. Planen vart revidert i 2018, og legg ikkje opp til formåla det no blir søkt om.

I tillegg er denne kommunedelplanen enno ikkje banka gjennom. Det ligg nemleg inne ei motsegn frå Statens vegvesen, som ikkje har latt seg løyse på dryge tre år.

Kommunedelplanen

Ein kommunedelplan er ein overordna plan for arealbruk i ein avgrensa del kommunen. Den fortel mellom anna kva for område som skal setjast av til bustader, og kva for område som kan utviklast for næring eller turistformål.

Ein reguleringsplan bør som hovudregel vere i tråd med denne.

Les også
Kor mange leilegheiter treng Gol?

Vegvesenet er ikkje tilfreds med trafikkanalysane som kommunen har levert. Kommunalsjef for samfunn og utvikling, Svein Eide, fortel at dei er i møte og dialog med vegvesenet.

Fylkeskommunen og statsforvaltaren hadde også motsegn, men desse er løyst. Det gjekk på kva type handel ein skal tillate på området ved riksvegen. Gol kommune klarte til slutt å få gjennom «volumhandel», som går på kvite- og brunevarer, møblar og liknande.

Nye planar krev nye trafikkanalysar

Skal vegvesenet godta kommunedelplanen frå 2018, vil dei ha ei klar oversikt over trafikkbiletet i framtida. Kvar gong det kjem ein ny reguleringsplan frå utbyggarar på bordet, må ein sjå dette trafikkbiletet i nytt lys.

Les også
Startar Hallingdal sitt største bustadprosjekt

Gol kommune har fleire gonger levert oppdaterte trafikkanalysar, i eit forsøk på å tilfredsstille vegvesenet. Den siste, frå april i år, syner at rundkøyringa ved Biltema kan få utfordringar med trafikken i 2040. Då må dei vurdere tiltak.

Statens vegvesen vil ikkje godkjenne Gol sin kommunedelplan på grunn av mangelfulle trafikkanalysar. Kommunen har levert fleire oppgraderte analysar, utan at partane har kome i mål. (Arkivfoto)

Ny runde med høyring?

På grunn av desse utfordringane, foreslår administrasjonen å leggje kommunedelplanen ut på eit nytt offentleg ettersyn. Då kan dei leggje inn endringane for Storøyne og gamle Gol skule. Viss begge tiltaka blir ein del av kommunedelplanen, kan det lette på vegen vidare. Då slepp dei fleire runddansar om at planane ikkje er i tråd med dei overordna føringane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vart samde om ny byggegrense

Leiar i utbyggingsavdelinga, Hanne Cecilie Nes, seier at dei ikkje har tatt endeleg stilling til om planen skal ut på ny høyring. Det henger nemleg tett saman med den ferske reguleringsplanen på Storøyne.

– Korleis det går i den saka vil påverke om det blir nytt offentleg ettersyn eller ikkje, seier Nes. Storøyne-planen skal opp til ny behandling i desember.

Om det blir ein ny runde med ettersyn, vil prosessane kunne bli forsinka med eit halvt år eller meir.

Hanne Cecilie Nes, leiar i utbyggingsavdelinga i Gol, seier ny runde med høyring kan forsinke prosessane med eit halvt år eller meir. Fordelen er at dei ikkje treng å behandle eit lass med dispensasjonar, men får byggjeplanane inn i dei overordna føringane. (Arkivfoto)
Les også
Ikkje råd til bustad i eigen bygd: – Eg er 30 år. Har fast jobb og bur heime hjå mor framleis
Les også
Ordføraren kjenner problemet: – Me har bustadmangelen på agendaen
Les også
100.000 kubikkmeter gjekk i bakken - det er veldig dramatisk