Her vart John Storhaug biten av ein laus og aggressiv hund på veg til jobb.
Her vart John Storhaug biten av ein laus og aggressiv hund på veg til jobb.

Lagt i bakken av hund

– Eg vart forbanna og redd, fortel John Storhaug. På veg til jobb onsdag morgon vart han biten av ein laushund like ved heimen sin i Ål.

I vegkanten langs Kuluvegen i Ål er det tydlege spor etter basketaket som skjedde onsdag morgon.

– Eg valde å gå til jobb denne dagen og midt i vegen stod det ein hund. Eg stoppa opp og prata til han, tenkte vel at den var ufarleg. Men då så eg at den flekte tenner, fortel John Storhaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sekund seinare gjekk hunden til åtak og glefsa først til i venstre arm.

Veldig skremmande

– Eg daska til han med høgre handa og då sleppte han, men like etter glefsa han til på nytt i venstre kne.

Storhaug mista balansen og fekk hunden over seg. Det neste han hugsa var at han såg rett inn i gapet på hunden.

- Tenk om det var eit lite barn som var ute og gjekk og hadde møtt denne hunden, seier John Storhaug.
- Tenk om det var eit lite barn som var ute og gjekk og hadde møtt denne hunden, seier John Storhaug.
John Storhaug måtte ha stivkrampesprøyte etter møtet med hundetennene.
John Storhaug måtte ha stivkrampesprøyte etter møtet med hundetennene.

– Det var ei skremmande oppleving. Etter kvart skjønte han vel at han hadde vunne og trekte seg unna.

Storhaug drog heim og henta bilen.

– Ikkje tale om at eg skulle gå til jobb denne dagen, seier han.

Politiet fann hunden

Politiet fekk melding om hendinga ved 09-tida.

– Me fekk melding om ein laus hund som hadde vore aggressiv. Me drog ut og trefte på han på Sundre, fortel politioverbetjent Odd Halvard Seterdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fekk tak på hunden og tok han med til lensmannskontoret.

– Der vart den etter kvart henta av ein slektning av eigaren, fortel Seterdal.

Melde hendinga

Storhaug måtte til legevakta for å rense såret og få stivkrampesprøyte.

– Eg hadde stillongs og olabukse, så det avgrensa nok bitet. Men det var såpass at det gjekk gjennom huda, fortel han.

Storhaug har seinare meldt hendinga til politiet.

– Det var så skremmande at eg håpar ingen får oppleve det same. Eg vart forbanna og redd på same tid. Tenk om det hadde vore eit barn, seier han.

Startar etterforsking

Lensmannskontoret i Ål har oppretta sak på hendinga.

– No vil me ta kontakt med hundeeigaren og etterforske kvifor hunden sprang laus. Så blir det opp til påtaleansvarleg å bestemme kva som skjer vidare, forklarar Seterdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er klar på at det var ein trugande situasjon og at politiet ser alvorleg på saka.

– Det er ikkje berre berre å møte på ein laushund som i dette tilfellet. Det kan lett oppstå farlege situasjonar for både vaksne og born, seier han.

Lei situasjon

Storhaug seier han no har lagt saka bak seg.

– No får det vere opp til politiet og hundeeigaren kva som skjer vidare.

Han synest det er ein lei situasjon, men ber ikkje nag til verken hund eller eigar.

– Men eg synest det er viktig å forhindre at slikt kan skje igjen, seier han.

Hallingdølen har vore i kontakt med hundeeigaren. Vedkomande ønskjer ikkje å uttala seg.