Politiadvokat Per Thomas Omholt opplyser at det har vore eit gjensidig forhold mellom læraren og eleven.
Politiadvokat Per Thomas Omholt opplyser at det har vore eit gjensidig forhold mellom læraren og eleven.

Lærar sikta for seksuell handling

Ein lærar er sikta for seksuell handling med ein elev. Dette stadfestar politiadvokat Per Thomas Omholt.

– Han har erkjent straffskuld, seier politiadvokat Per Thomas Omholt i Sør-Øst politidistrikt.

Politiet er tilbakehaldne med opplysningar i denne saka, som er meir eller mindre ferdig etterforska. Men Omholt stadfestar at ein lærar i Hallingdal er sikta for seksuell handling med ein elev som er under 16 år. I straffelovas forstand er det altså snakk om seksuell handling med eit barn under 16 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjensler

– Dei har hatt eit «forhold», seier Omholt.

– Det er i utgangspunktet eit forhold der begge har hatt kjensler for kvarandre, men når ein vaksen har eit forhold til eit barn så kan ein spørje kor frivillig det er. Då er ein i ein utnyttingssituasjon, seier Omholt.

– Beklagar

– Han erkjenner straffskuld, og han erkjenner at han har gjort ein feil som han beklagar, seier lærarens forsvarar, advokat Sindre Løvgaard.

– Han forstår også at dette ikkje er foreinleg med å arbeide som lærar og han seier derfor opp jobben. Han er glad for at saka er ferdig etterforska, og han ser fram til å bli ferdig med den, seier Løvgaard.

Den seksuelle handlinga er beføling. Det har også vore sendt nakenbilete mellom dei, seier politiadvokat Omholt.

Strafferomma for seksuell handling er fengsel i inntil tre år. Saka går no til påtalemessig vurdering.