Laagendalsposten reduserer til fire dagars avis

Amedias lokalavis for Kongsberg-regionen og Nore og Uvdal, Laagendalsposten, kuttar to papirutgåver i veka.

Papiravisa blir borte tysdag og laurdag. Dette kjem fram av ei pressemelding som vart lagt ut måndag. Endringa skjer frå 9. juni.

Ansvarleg redaktør Jørn Steinmoen seier i pressemeldinga at lesarane skal få like mykje innhald som før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jørn Steinmoen, ansvarleg redaktør i Laagendalsposten.

– Og fredagsavisa gjer me til den nye, fyldige helgeavisa, seier Steinmoen.

Digital vekst

I pressemeldinga heiter at Laagendalsposten opna for digital abonnementsløysing hausten 2014. Etter det har dei hatt ein formidabel digital vekst. Dette har gjort at det no er færre som kjøper papirabonnement enn det er folk som berre har Laagendalsposten på nett. I pressemeldinga blir dette framstilt som ein milepåle for bedrifta. No har Laagendalsposten meir enn 4200 digitale abonnentar.

– Lesarane har endra vanar, og fleire og fleire vil helst ha digitale abonnement. Så takka vera at me heile tida har utvikla oss digitalt, har me også oppnådd opplagsvekst fleire år på rad, seier Jørn Steinmoen.

Les også
Godt år for Hallingdølen

– Laagendalsposten.no er i dag vår største og viktigaste kanal. Det gjer at me må prioritere annleis. Lesarane ventar at me er til stades og serverer løpande nyheiter frå tidleg morgon til sein kveld, seier Jørn Steinmoen. Men uansett held han også hardt på at kuttet i utgjevingar ikkje inneber ein rask slutt på papirutgåva: – Den vil vera viktig for oss i mange år framover.

– Godt rusta

Styreleiar Øyvind Bladt Hagen meiner Laagendalsposten har eit veldig godt utgangspunkt for å lykkast.

– Laagendalsposten har hatt ei sterk digital utvikling, og dei er veldig godt rusta for å skape ytterlegare digital vekst, seier Hagen.

Gløymer ikkje papiret

Tillitsvalde og tilsette har vore involvert i denne prosessen.

– Auka satsing digitalt er naturleg i 2020, og heilt i tråd med folks lesevanar. Samtidig er papiravisa framleis svært viktig for oss. Den skal me ta godt vare på også framover, seier leiar i redaksjonsklubben, Mona Sandviken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Glad for krisepakke - spent på detaljane