annonse

Kvinne til sjukehus etter utforkøyring

Lettare skadd
Lettare skadd: Ei kvinne i 60-åra vart lettare skadd då bilen hennar hamna i fjellveggen i Nore og Uvdal. Bilen fekk store materielle skadar. (Foto: Bernt Ivar Bergum)

Den kvinnelege sjåføren i 60-åra vart sendt til sjukehus etter at bilen hennar køyrde i fjellveggen.

  • Bernt Ivar Bergum

Seint onsdag kveld fekk politiet i Sør Øst politidistrikt melding om ei utforkøyring på Fv40 i Nore og Uvdal ved Søre Skaret. Meldinga gjekk ut på at ein bil hadde køyrd av vegen og inn i ein fjellvegg.

Alle nødetatar rykte ut og dei første meldingane gjekk ut på store materielle skadar på bilen i front. Sjåføren, i kvinne i 60-åra, vart sendt til sjukehus for sjekk. Etter ei tid kunne politiet melde at føraren berre var lettare skadd. Bilen vart henta av bergingsbil og vegen vart opna for fri ferdsel.

annonse