Ein person omkom i ei møteulykke på Rv52 søraust for Hemsedal torsdag kveld.
Ein person omkom i ei møteulykke på Rv52 søraust for Hemsedal torsdag kveld.

Kvinne busett i Hemsedal omkom

Kvinna som døydde i trafikkulykka på Rv52 torsdag kveld hadde adresse i Hemsedal. Kvinna var i 40-åra.

Det var den kvinnelege føraren av personbilen som omkom då ein personbil og ein semitrailer kolliderte på Rv52 ved Flåmyri i Hemsedal torsdag kveld.

LES OGSÅ: Personbil mot semitrailer

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fekk melding om ulykka rundt klokka 19.

Køyretøya hadde frontkollidert då ein av dei kom over i motsett køyrefelt.

Det var sjåføren av semitraileren, ein mann i 40-åra frå Vestlandet, som sjølv melde frå til politiet. Han vart også sendt til legesjekk etter kollisjonen.

Politiet har førebels ikkje fleire opplysningar om ulykka. Men når politiet kan seie noko om årsaka, og namnet på den omkomne er frigitt, kjem Hallingdølen tilbake med dette.