Fleire abonnentar fekk ikkje avisa laurdag. Hallingdølen sine eigne avisbod jobbar no på spreng for å nå ut med aviser der Kvikkas ikkje har levert.
Fleire abonnentar fekk ikkje avisa laurdag. Hallingdølen sine eigne avisbod jobbar no på spreng for å nå ut med aviser der Kvikkas ikkje har levert.

– Kvikkas svikta igjen

Fleire abonnentar fekk ikkje Hallingdølen laurdag. Hallingdølen jobbar no på spreng med å køyre ut aviser til dei abonnentane Kvikkas skulle levert til.

– Kvikkas svikta igjen, og har ikkje klart å levere aviser på Gulsvik og i Flå. Me har no eigne bod på veg nedover for å køyre ut dei avisene. Abonnentar på Gulsvik og i Flå vil få avisa levert i løpet av kvelden sundag. Det vil ta tid – men avisa kjem, seier Rolf Sveinhaug, marknadssjef i Hallingdølen.

Fleire fekk ikkje avisa

Også på Ål svikta Kvikkas. Abonnentane som skulle fått avisa levert av Kvikkas fekk også her avisa gjennom Hallingdølen sine eigne avisbod.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein håplaus situasjon, seier Sveinhaug.

Innrømte problem

Kvikkas innrømte at dei hadde problem med distribusjonen etter manglande avislevering forrige helg. Målet var å kome i rute til inneverande helg, men det har altså ikkje skjedd. Hallingdølen lukkast ikkje å kome i kontakt med Kvikkas for ein kommentar om kvifor avisa ikkje er vorte levert.

I tillegg til utkøyring med eigne bod er det lagt ut aviser på følgjande plassar: Coop Kirkebygda, Kiwi Rødberg, Fjellhandelen på Bjørkeflåten, Circle K Gulsvik og Kiwi Flå.