Vestlia Resort, den største enkeltaktøren i reiselivet på Geilo, er oppteke av rekruttering til yrket, men har samstundes ei startløn for ufaglærte på 120 kroner timen. – Kven kan jobbe for slike løningar, spør Fellesforbundet. (Arkivfoto)
Vestlia Resort, den største enkeltaktøren i reiselivet på Geilo, er oppteke av rekruttering til yrket, men har samstundes ei startløn for ufaglærte på 120 kroner timen. – Kven kan jobbe for slike løningar, spør Fellesforbundet. (Arkivfoto)

– Kven vil jobbe for 120 kr/timen?

Vestlia Resort på Geilo tilbyr ufaglærte ei timeløn på 120 kroner. – Moralsk forkasteleg, seier Fellesforbundet, som meiner slikt undergrev arbeidsmarknaden.

Lønnsnivået i reiselivet generelt og hotellbransjen spesielt er ikkje kjent for å vere spesielt høgt, men timeløn ned i 120 kroner timen er sjeldan kost, meiner Terje Berghagen og Reda Brynildsen i Fellesforbundet.

– Lønsnivået er sett tilbake ti år, seier dei og viser konkret til ei arbeidskontrakt frå Vestlia Resort på Geilo. Etter at tariffavtala vart sagt opp i april i fjor, har tilsette her fått tilbod om arbeid etter ein timesats 40 kroner under minsteløna i tariffen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje ulovleg, men forkasteleg

Med 120 kroner i timen blir månadslønna 18.500, før skatt.

– Det er ikkje ulovleg, men me meiner det er moralsk forkasteleg, seier Terje Berghagen.

Fellesforbundet, som er det største LO-forbundet i privat sektor, har mellom 150–200 medlemer fordelt på kring 80 hotellbedrifter i øvre Buskerud.

Terje Berghagen og Reda Brynildsen, begge frå Fellesforbundet, er sterkt kritiske til arbeidskontraktar ved Vestlia Resort med timeløn på 120 kroner timen.
Terje Berghagen og Reda Brynildsen, begge frå Fellesforbundet, er sterkt kritiske til arbeidskontraktar ved Vestlia Resort med timeløn på 120 kroner timen.

Det å ha ein tariffavtale betyr blant anna at arbeidsgjevar og arbeidstakar er samde om å følge sentrale avtalar om minsteløn og ein lønsstige kring ansiennitet.

Til dømes er det i tariffen semje om at ufaglærte ikkje skal tene mindre enn 161,14 kroner timen. Månadslønna etter denne tariffen (35,5 timar i veka) er 6.300 kroner meir enn for dei som jobbar for 120 kroner i timen.

– Det er mange hotell som vel å følge tariff, sjølv om dei ikkje har ein tariffavtale. Me er opptekne av å ha eit anstendig arbeidsliv. Med arbeidskontraktar på 120 kroner timen bidreg ein til å utkonkurrerer dei som har anstendige vilkår, seier Berghagen.

– Kven kan leve av 120 kroner timen? Ein får sikkert tak i folk, men med slike lønningar står dei ikkje i jobben lenge, legg Reda Brynildsen til.

Kan spare mykje på lågare løn

Fellesforbundet sine representantar trur låge lønningar får nordmenn til å skygge unna jobbar i reiselivet. Dette rimar dårleg med at representantar for reiselivet håpar å få til ei reiselivsutdanning på Geilo, for å sikre rekrutteringa til yrket. Dårlege lønsforhold forsterkar behovet for utanlandsk arbeidskraft, meiner dei to Fellesforbund-representantane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me veit det er vanskeleg å drive hotell i dag, men ein må vakte seg for ikkje å misbruke folk. Kostnadene for å leve og bu i Norge er den same for alle, seier Berghagen.

– Er dette sosial dumping?

– Eg vil ikkje bruke det ordet. Det finst ingen nedre grense for kva som er lov, og det er heller ikkje slik at alt som er under minstelønssatsar er underbetaling.

– Burde minstelønssatsar vore lovbestemt?

– Fellesforbundet er skeptisk til det, for då trur me alle ville hamna på minsteløna. Enkelte ligg i dag over.

– Kvifor tek ikkje de opp lønsnivået på Vestlia Resort direkte med arbeidsgjevar?

– Vestlia har sagt opp tariffavtala. Alle våre medlemmer har likevel løn etter tariff, så me har ingen sak å ta opp med dei. Det me fryktar er at dei som har tarifføn vil få mindre gjera ved at arbeidsoppgåver blir lagt til ufaglærte med låg timeløn.