Dette biletet er frå Nesfjellet.

Kjenner du ein person du meiner fortener tittelen «Årets hyttehalling»?

I tillegg til å kåre «Årets halling» ønsker me også å kåre «Årets hyttehalling» for 2023. Men då treng me innspel frå deg.

Kjenner du ein såkalla «hyttehalling» som har utmerkt seg på noko vis? Som har gjort noko bra det siste året for lokalsamfunnet, for velforeininga, for hytteområdet sitt?

Eller som kanskje berre er ein primus motor for sosialt samvær, påskeskirennet eller bålfesten til St.Hans? Me veit det finst mykje flinke og driftige folk til fjells, og dei ønsker me å løfte fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om du kjenner ein hyttehalling som fortener ein nominasjon, send ein epost til redaksjonen@hallingdolen.no innan måndag 11. desember.

Me kjem deretter til å ha ei avstemming på nettsidene våre fram mot jul, der du får høve til å stemme fram din favoritt.

I tillegg til namnet på den du nominerer treng me ei kort grunngjeving for kvifor nettopp denne hyttehallingen fortener tittelen. Og gjerne også eit bilete av kandidaten!

Vinnaren vil bli kåra i romjula.