Generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset fekk kritiske kommentarar frå kommuneunestyrerepresentant og gruppeleiar Petter Braaten, i midten, og partiveteran Jon-Andreas Kolderup.
Generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset fekk kritiske kommentarar frå kommuneunestyrerepresentant og gruppeleiar Petter Braaten, i midten, og partiveteran Jon-Andreas Kolderup.

– Kva vil Høgre gjera?

Det er ein sentraliserings-skepsis i Hol Høgre. Tidlegare og mangeårig ordførar Arne Skogheim er ingen einsleg kritikar.

– Eg føler dessverre at det Arne Skogheim meiner slår an her oppe, sa partiveteranen Jon-Andreas Kolderup på årsmøtet i Hol Høgre måndag kveld.

Ansikt til ansikt med Høgres generalsekretær, John-Ragnar Aarset frå Geilo, og stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen gav han uttrykk for ei ekte frykt for det som skjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva vil de gjere, spurte Kolderup.

Kritiserte

Det vekte oppsikt då æresmedlem i Hol Høgre og tidlegare ordførar, Arne Skogheim, sist veke gjekk ut og kritiserte Solberg-regjeringa. Skogheim skulda regjeringa for å føre ein sentraliseringspolitikk. Denne politikken påfører Distrikts-Norge store ulemper. Skogheim toppa kritikken med å annonsere at han støttar Senterpartiet ved stortingsvalet til hausten.

Den tidlegare Høgre-ordføraren er ikkje aleine om å rope varsku i partiet. For det er sjeldan kost å høyre ein partivetaren og mangeårig tillitsmann for Høgre i lokalpolitikken i Hol kritisere sitt eige parti slik Kolderup gjorde på årsmøtet måndag kveld. For det handlar ikkje berre om skattekontoret på Gol. Sakleg og roleg lista han opp:

Jon-Andreas Kolderup var kritisk. – Men ikkje for å vere negativ, sa han.
Jon-Andreas Kolderup var kritisk. – Men ikkje for å vere negativ, sa han.
Stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen og generalsekretær John-Ragnar Aarset fekk beskjed om at alt ikkje er like bra.
Stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen og generalsekretær John-Ragnar Aarset fekk beskjed om at alt ikkje er like bra.
– At mange ikkje får laurdagsavisa er heilt håplaust, sa generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset.
– At mange ikkje får laurdagsavisa er heilt håplaust, sa generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset.
Utfordring. – Me treng drivverdige bruk, sa nyvalt Høgreleiar i Hol, Hanne Haatuft.
Utfordring. – Me treng drivverdige bruk, sa nyvalt Høgreleiar i Hol, Hanne Haatuft.

– Det er desse små tinga som ergrar meg dag ut og dag inn. Me mistar tingretten. Politireforma – der me ikkje har vorte høyrt. Finansskatten råkar lokale bankar ved at dei får vesentlege større utgifter. Kommunereforma er eit mareritt her oppe. I regionreforma prøver me å få kontakt med fylkespolitikarane våre, men dei svarar ikkje. Og no skal mottaksplikta for geitemjølk fjernast.

– Dårleg kort

Gruppeleiar i kommunestyret, Petter Braaten, fylgde opp kritikken.

– Det må gjerast eit politisk handverk for å stå i mot denne sugeeffekten, sa Braaten. Han bad om at statlege arbeidsplassar blir flytta til distrikta og at ikkje distrikta blir tømt for statlege arbeidsplassar. Han var også kritisk til at passutskrivinga kan bli sentralisert til Hønefoss som følgje av politireforma.

– Det er eit elendig kort når me skal stå på stand på Geilo før valet. De kan prate om utbygging av E16 så mykje de vil, viss realiteten er at folk må reise til Hønefoss for å få pass, sa Braaten.

Aarset og Ørmen Johnsen vart også fortalt om frykta for at ungdommen som reiser ut for å få seg utdanning, ikkje har jobbar å kome tilbake til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ei lekse å gjere

John-Ragnar Aarset poengterte på si side at sentraliseringa går raskare i gode tider. Vidare synte han til at det har skjedd mykje positivt under Solberg-regjeringa, ikkje minst på samferdselssektoren med den planlagde utbygginga av Ringeriksbanen og E16, som vil bety mykje for Hallingdal.

– Det skjer mykje bra, men det er ein del utfordringar. Me har ei lekse å gjere nokon og einkvar, innsåg Aarset.

– Og så er det håplaust at mange ikkje får avisa på laurdagane. Hallingdal er av dei som har kome dårlegast ut. Samferdselsministeren lovar at han arbeider intenst for å dytte på, sa Aarset.

– Må pratast opp

Den nyvalde leiaren i Hol Høgre, Hanne Haatuft, sa at avfolking og attgroing er den største utfordringa.

– Me må ha drivverdige bruk, sa ho.

Høgre-veteranen Inger-Brit Vindegg var ikkje redd for den distriktspolitiske debatten som no har blussa opp.

– Det er bra at debatten i Hallingdølen med Høgre, Frp og Senterpartiet kjem no, for då har me moglegheita til å få roa den ned, sa ho.

– Geilo må pratast opp. Det blir ikkje rekruttert ein einaste familie dersom ein berre fortel kor ille det er, meinte stortingsrepresentant Kristin Ørmen Johnsen.