Spørsmål 6

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv med Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kor mange mobiltelefonar var det registrert i Hallingdal førre fredag kl. 11.30?

2. Kven er Kjersti Kleven?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva er maksgrensa i talet på folk i kyrkja ved til dømes gravferder no under koronakrisa?

4. Kva tiltak har Oset Høgfjellshotell foreslått i høve koronasituasjonen?

5. Kor mange var sist måndag registrert permittert i Hallingdal?

6. Kven er tilsett som rektor ved Gol skule?

7. Kor stort var opplaget til Hallingdølen ved årsskiftet?

8. Kulturministeren lanserer krisepakke til kultur- og idrettsarrangørar. Kor stor er pakka?

9. Kva heiter bandet til Terje Isungset som er aktuelle med ny plate inspirert av islandsk folkemusikk?

10. Kven vann tvekampen og sende Hege Bøkko heim frå «Farmen Kjendis»?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. 53.120 mobiltelefonar, ifølgje det interkommunale varslingssystemet.

2. Dama bak Kjersti´s Mat og Vinhus i Gol.

3. Maks femti personar.

4. Ho tilbyr matvarene ho har på lager til offentlege institusjonar, mot at det offentlege betalar når ho igjen kan opne hotellet.

5. 650 var registrert, men truleg er langt fleire permitterte.

6. Morten Lien.

7. 9204 aviser.

8. 600 millionar kroner til idrett, frivillige organisasjonar og det frivillige kulturlivet. I tillegg er det varsla ei støtte på kring 300 mill. til kulturlivet.

9. Groupa.

10. Mia Gundersen (i øksekast).

Tre handleposar på trappa og rygg ti meter unna. Sist laurdag var Hallingdølen innom med matforsyning til ein av familiane som sit i isolasjon på grunn av koronasmitte. Eirik Bøkko er over det verste, mens kona, Reidun, var då sengeliggjande med feber og hoste. Dei tykkjer det er vondt å tenkje på at dei kan ha smitta andre med koronaviruset.