3.

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kjøparane av Ålingen kjøpesenter er også interessert i ei annan investering i Hallingdal. Kva tenkjer me på?

2. Kor mykje vart gamle Gol skule selt for?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kven sa?: «Det er vondt, men nødvendig» i Hallingdølen sist tysdag?

4. Kva heider vart Nesbyen kommune tildelt sist helg?

5. Kva er det funne spor av på Primhovda i Ål, og som kan vera tolv hundre millionar år gammalt?

6. Kvifor har Geilo legekontor måtta stenge dørene?

7. Kva hallingdalskommune kom best ut i NHOs kommune-NM?

8. ... og kva hallingdalskommune var minst attraktiv, ifølgje det same barometeret?

9. Kven er tildelt årets kulturstipend i Nore og Uvdal?

10. ... og kva heider fekk Tore Tyribakken og Margit Hølto tildelt i Hemsedal?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Vekerø Invest as har lagt inn bod på kjøpesenteret i Nesbyen.

2. 11,5 millionar kroner.

3. Anne Marit Panengstuen, konsernsjef i Nortura SA, sa dette om strukturendringane i slakterikonsernet, noko som gjer at blant anna arbeidsplassar på Gol er truga.

4. Årets hyttekommune 2020.

5. Bølgjeslag. Altså teikn på at det har vore havbotn her ein gong i tida.

6. Fordi forkjøla folk ikkje respekterer smittevernreglane og møter opp fysisk på legekontoret, trass i at alle med luftvegssymptom er bedne om å ringe i staden for å kome uanmeldt.

7. Hemsedal, på 35.-plass.

8. Nesbyen, på 212.-plass.

9. Hallingdansar og spelemann Bjørnar Blaavarp Heimdal.

10. Æresmedlemmer i Hemsedal idrettslag, som takk for stor innsats i frivillig arbeid.

Noko er som før, trass i koronakrisa. Etter gudstenesta må konfirmanten stille opp på kyrkjetrappa for fotografering. Oda Marie Muledal Svanheld utfører plikta med eit smil om munnen sist helg. No i helga er det ny runde med konfirmasjonar i Hallingdal. Gratulerer med dagen til alle dykk!