5.

Kva hugsar du frå veka som har gått?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kva er Wopas?

2. Kva handlar den populære podkasten til den bokaktuelle geilingen Fredrik Sjaastad Næss om?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Kva yrke har Oddrun Ekrene på Torpo?

4. Kva tiltak sette tiåringen Andreas Dale i gang med då han høyrde at Geiterygghytta måtte stenge på grunn av koronakrisa.

5. Kven vann BC senior under Roppecrossen i Flå sist helg?

6. Kor mange plassar er det ved idrettslinja på Gol vidaregåande skule, og kor mange står på venteliste for å få skuleplass?

7. Kven tok initiativ til støttegruppa for Nortura i Gol?

8. Kvifor fekk ikkje ein hytteeigar i Hol hjelp på legekontoret til skifte på eit sår?

9. Kor stor var auren som Gunnar Nilsen nyleg tok i Hallingdalselva ved Nesbyen?

10. Kva tiltak er sett inn av Nesbyen kommune for å dempe plagene av parasitt (ikter) for badande i Trytetjern?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Eit dotterselskap av Hallingplast, som blant anna leverer stolpar til kraftliner, bryggepålar og telefonstolpar.

2. Konspirasjonsteoriar.

3. Butikksjef på nærbutikken på Torpo.

4. Han laga eigen avis, Andreasavisa, som han selde til inntekt for turisthytta. Han fekk inn over 2000 kroner.

5. Bjørnar Endrerud frå NMK Hallingdal.

6. 15 plassar, og 20-30 elevar står på venteliste.

7. Sigrid Lien Sagabråten (Sp).

8. Legekontoret har berre kapasitet til å tilby akutthjelp til andre enn innbyggjarane i Hol kommune.

9. 6,1 kilo (og 81 cm lang).

10. Sommardusjar. Ved å dusje av deg rett etter bading minskar faren for kløe.

Skarveråkk gjekk av stabelen for fyrste gong sist helg. Sudndalens nye festival er komen for å bli, meiner initiativtakar Hilde Gudbrandsgård Sveingard. Og folk såg ut til å kose seg med musikken og etterlengta sosialt samvær.