Martine Vee. (Arkivfoto)

Kva hugsar du frå nyheitsbiletet?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kva har hytteeigarar i Gol spleisa på for å unngå nærkontakt med kyr?

2. Kva jobbar Martine Vee (biletet) som?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Geilo sti- og løypelag lanserte store planar, men brukarane takkar nei. Til kva?

4. Den store «Hallingdalshelga» går av stabelen neste helg. Kva type arrangement er dette?

5. Kvifor måtte ryggmargskadde Stian Skarsten frå Geilo reise til Thailand for å få hjelp?

6. Kvifor må Dr. Holms hotel på Geilo stoppe ei planlagt utbygging i 100 millionarsklassen?

7. Kor lang er ventetida akkurat no for å ta førarkort på bil?

8. Kor mange stryk til førarprøva?

9. Kva heiter turisthytta som ligg ved Langesjøen på Hardangervidda?

10. To kjente, kvinnelege, norske artistar toppar plakaten til Helt på Vidda-festivalen på Geilo. Kven?

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er svara

1. Eit digitalt gjerde som gjer at kyrne kan beite som vanleg, men utan å koma heilt inntil hytteveggen.

2. Dagleg leiar i Turufjell as i Flå.

3. Lyssetting Veslefjorden rundt (til 3,5 mill. kr).

4. Skytestemne som går mellom fire arrangørar og skytebaner i dalen.

5. Norge har ikkje eit slik behandlingstilbod for ryggmargskadde. Skarsten vart alvorleg skadd i ei sykkelulykke og har samla inn pengar for å dekke operasjon og oppfølging for 1,1 mill. kr.

6. Åtte hytteeigarar gjekk til rettssak og fekk fullt medhald i Buskerud tingrett.

7. Meir enn ti vekers ventetid.

8. 20 prosent.

9. Rauhelleren turisthytte.

10. Dagny og Maria Mena.

Les også
No kjem store mengder vaksinar - ber folk instendig om å møte opp
Les også
Hallingdal størst mellom aust og vest
Les også
Opna kafe og båthamn på høgfjellet