1.

Kva hugsar du frå nyheitsbiletet?

Test deg sjølv i Hallingdølens nyheitsquiz.

1. Kva jobb har Tor-Even Lysfjord?

2. Idrettslag og idrettsforeiningar i Hallingdal får over fire millionar kroner i momskompensasjon. Kva lag får mest?

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Bergljot Kaslegard i Ål har fått koronamidlar. Ho vil bruke pengane slik at eldre menneske i kommunen kan treffast og bli mindre einsame. Korleis?

4. Kven fekk oppdraget med å transport i heile Vestre Viken av koronasjuke eller folk som er mistenkt smitta av koronaviruset?

5. Kva heiter bandet til Arild Nyborg frå Gol som er er aktuelle med fleire nye låtar, blant anna «Soma Forms»?

6. Kva kommune i Hallingdal innførte påbod om munnbind frå i går til over nyttår?

7. Kor mange innbyggjarar har Hol sett seg som mål å ha i 2030?

8. Ein mann braut seg inn i eit bøttekott i ein bank i Gol tysdag. Kva unnskyldning kom han med?

9. Uvdal idrettslag får 781.000 kroner frå Gjensidigestiftelsen, kva skal pengane gå til?

10. Berre éin festival i Hallingdal får støtte frå Kulturrådet for 2021. Kva festival, og kor mange kroner?

Artikkelen held fram under annonsen.

... og her er svara

1. Tenesteleiar for kultur i Nesbyen kommune.

2. Geilo idrettslag, 995.447 kroner.

3. Ho vil inspirere folk til å spela, synge eller skrive. Prosjektet startar i 2021 og er leia av Kaslegard, som er forfattar, songar og pianist.

4. Geilo turbusser.

5. SOT.

6. Hemsedal.

7. 5000 innbyggjarar.

8. Han forklarte at han måtte gøyme seg fordi han er redd for koronaviruset.

9. Sykkelverkstad og lokale for e-sport på Bakkeøya i Uvdal.

10. Folkemusikkveka i Ål, 850.000 kroner.

Barn i Ål har stått for pyntinga av sentrum til jul. Då den tradisjonelle julegrantenninga ikkje kunne haldast på vanleg vis på grunn av smittevernrestriksjonar kunne ålingane heller rusle rundt og titte på peparkakebyen og ei julepynta Myren-gate.