Kommunestyret i Hol kuttar i seniortiltaka.
Kommunestyret i Hol kuttar i seniortiltaka.

Kuttar i seniortiltaka

Hol kommune kuttar i dei seniorpolitiske tiltaka. Utdanningsforbundet og Fagforbundet er usikre på kva kommunen kan spare på det.

– Det er kompliserte reknestykke som ligg til grunn, og me veit vel ikkje kor mykje kommune sparar på dette før det har gått ei tid, seier leiar i Fagforbundet i Hol, Arvid Groven.

Han får følgje av Randi Jebe som er leiar i Utdanningsforbundet i Hol.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er ikkje så sikre på at kommunen sparer pengar på å innskrenke ordninga. Det har vore vanskeleg å forstå, seier leiar i Utdanningsforbundet i Hol, Randi Jebe.

Strammar inn

Onsdag ettermiddag vedtok kommunestyret å stramme inn dei seniorpolitiske tiltaka.

Det betyr at kommunalt tilsette som fyller 62 år i år frå 1. juli har moglegheit til å redusere stillinga med 10 prosent med full lønn. Fram til i dag har tilsette hatt moglegheit å arbeide 80 prosent med full lønn. Reint praktisk fører dette til at det blir ein fridag annankvar veke i staden for ein fridag kvar veke som i dag. Alternativet til dei som framleis vil arbeid fullt er å ta ut ein seniorbonus. Bonusen for 62 og 63 år er 25.000 kroner, medan bonusen for aldersgruppa 64 til 66 år er 35.000.

Fleire går av?

Randi Jebe er skuffa over vedtaket.

Leiaren i Utdanningsforbundet er tillitsvald for 100 medlemmer.

– Eg synest det er trist. For lærarane betyr dette at ordninga blir langt mindre attraktiv, og eg trur fleire vil velje å gå av med AFP i staden for å velje ei av ordningane. Tilbakemeldingar frå lærarar er at dei er skuffa.

– Kvifor?

– Ei ny ordning med ein fridag annankvar veke blir vanskelegare å tilpasse timeplanen enn i dag. Det kan bli vanskeleg å få til ein fast fridag. Då er det heller mogleg å ha kortare dagar. Det er kanskje ikkje like attraktivt, seier Jebe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eitt av argumenta for å innføre seniorpolitiske tiltak var å oppmuntre arbeidstakarar på veg inn i pensjonsalder til å stå lenger i arbeid. Jebe trur ordninga har fungert.

– Lærarar har stått lengre i arbeid. Det er heilt sikkert. Det har vore ei god ordning, og bonusen er jo at kommunen har fått behalde kvalifisert arbeidskraft, seier Jebe.

– Fornuftig

Fagforbundets leiar deler mange av synspunkta Jebe trekkjer fram.

– Eg skjønar godt dei tilsette som står på terskelen til å bli 62 år seinare i år. Ein del av dei er skuffa i dag. For dei aller fleste er den ekstra fridagen viktig. Den økonomiske bonusen gir ingen pensjonspoeng, seier Arvid Groven.

Fagforbundet i Hol har om lag 250 medlemmer, dei fleste fagarbeidarar og assistentar. Også Groven trur fleire av sine medlemmer har arbeidd lengre på grunn av gode seniortiltak.

– Fleire har arbeidd lengre, noko som har vore målsetjinga også. Sjukefråveret er også stabilt lågt, noko som nok skuldast slike ordningar.

Både Jebe og Groven har forståing for at kommunen må spare pengar. Men der Jebe meiner at den nye ordninga er lite god, meiner Groven at dei må vere fornøgde trass alt.

– Avtalen for seniorar er framleis god. Me må sjå heile biletet. Det er trongare tider i Hol også no. Det er klart ordninga er dyr for kommunen, men dette er ein fornuftig måte å gjere det på.