Niandeklassingane Amanda Cahrausah, Marcus Andersen, Marius Engelstad, Steffen Eriksen og Torje Vestheim er fornøgde med bygda si. -Bra at dei vaksne vil høyre vår meining, meiner dei.

- Kryssar fingrane for at det kjem mange forslag

Oppmøtet var godt og engasjementet stort då Nesbyen kommune inviterte ungdom til Elveparken. Og ungdommane er fornøgde med å bli høyrt.

Midt i folkemengda onsdag: Noah Wisløff og Are Noreng. I sommar gjekk dei ut i Hallingdølen og etterlyste møteplassar for ungdommen. På grunn av koronapandemien er ungdomsklubben på Mortensløkka stengd. I tillegg har kjøpesenteret varsla at dei ikkje ønskjer at ungdom «heng» der. Og ungdommane hadde ein klar bodskap til vaksne som klaga.

- Prat med oss, ikkje til oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nesbyen kommune inviterte ungdom til ope møte i Elveparken. Etter at ordførar Tore Haraldset hadde ønskt velkomen fekk ungdommane all taletid.

– Berre positivt

Ordførar Tore Haraldset tok dei på ordet. Onsdag inviterte kommunen til møte i Elveparken saman med tilsette, politikarar frå alle parti og representantar frå frivillige lag.

Les også
Ungdommen i Nesbyen: – Me treng ein møteplass

– Fornøgd med responsen på utspelet?

– Ja, dette er bra. No håpar eg berre det blir resultat av dette. Eg kryssar fingrane for at det kjem mange innspel, seier Are.

Noah Wisløff (t.v.) og Are Noreng visste kanskje ikkje kva dei drog i gang med eit utspel i Hallingdølen i sommar. Onsdag var dei deira forteneste at så mange møtte fram i Elveparken.

– Korleis har reaksjonane vore på intervjuet i avisa i sommar?

– Mange har sett det. Det har berre vore positivt.

Haraldset hadde ein klar bodskap før møtet:

– Me skal lytte. I dag er det ungdommen som skal prate. No har de moglegheita.

Saknar ungdomsklubben

Blant dei som var på plass for å høyre på og diskutere tiltak var niandeklassingane Marcus Andersen, Amanda Cahrausah, Marius Engelstad, Torje Vestheim og Steffen Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Senterleiar er fortvila etter hærverk: - Det begynner å koste oss dyrt

– Å møte vaksne på denne måten er bra. No høyrer dei på oss og får høyre vår meining. Og me får ta opp saker som handlar om oss.

Mange forslag på tavla. Opning av ungdomsklubben var ein gjengangar.

Ved sida av dei stod ei tavle der ungdommane kunne klistre opp sine forslag. Og det var det mange som gjorde.

– Kva saknar de?

– Akkurat no er det ungdomsklubben. Det er der me er mest, særleg fredagar. Her kan me kjøpe godteri, det er diskotek og datarom.

Eit godt oppvekstmiljø

– Korleis er det å vekse opp i Nesbyen i dag?

– Det er bra. Me er fornøgde med bygda, og me føler det er eit godt miljø her, seier ungdommane.

Akkurat det er politikontakt Pål K. Mikkelrud samd i. Saman med assisterande politidirektør Håkon Skulstad, som ønskte å vere med ute i felten i Hallingdal denne veka, gjekk han rundt og prata med mange unge nesningar.

Assisterande politidirektør Håkon Skulstad prata med Øyvind Rodegård (t.h.), William Holm Høva og Sebastian Sivertsen Ålien. Bak politikontakt Pål K. MIkkelrud.

– Mitt inntrykk er at det står bra til og at ungdomsmiljøet er godt. Det vil alltid vere småting, men det vil det alltid vere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Politikarane vil involvere ungdommen: -Kom med innspel!

– Viktig at ungdom får møte dei som styrer bygda slik?

– Ja, dette viser at dei tek det på alvor. Dette er eit samspel mellom alle.

Men, seier Mikkelrud:

– Det er enkelt å arrangere møte. Det er no jobben startar.