Ellen Tørrisplass (f.v.) er initiativtakar til eit folkemøte om fjøsplanane i lia ovanfor byggefelta i Nesbyen. Saman med Ingunn Lundberg, Frode Tangen og Inger Helen Jacobsen er ho kritisk til at enkelte politikarar såg ut til å ville la eit ønske om å ta ut meir enn 100.000 kubikk med masse gli gjennom utan reguleringsplan.
Ellen Tørrisplass (f.v.) er initiativtakar til eit folkemøte om fjøsplanane i lia ovanfor byggefelta i Nesbyen. Saman med Ingunn Lundberg, Frode Tangen og Inger Helen Jacobsen er ho kritisk til at enkelte politikarar såg ut til å ville la eit ønske om å ta ut meir enn 100.000 kubikk med masse gli gjennom utan reguleringsplan.

Kritisk til «pukkverkfjøs»

– Det heng ikkje på greip at eit så omfattande tiltak skal gli gjennom utan at det blir laga ein reguleringsplan.

Det seier Ellen Marie Tørrisplass, initiativtakar til folkemøtet sist veke. Rundt 40 personar kom for å få informasjon om fjøsplanane til Endre Rustand. Tørrisplass avviser at det var snakk om eit protestmøte.

– Det var ikkje tema. Folk er opptekne av at dette ikkje skal gli gjennom utan reguleringsplan. Det er også i utbyggjar si interesse at planane blir greidd ut, slik at naboar og andre får sjansen til å uttale seg på førehand, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Opent for alle

– Burde ikkje Rustand også blitt invitert, slik at han fekk fortelje om planane?

– Han hadde sjansen til å kome på lik line med alle andre. Dei einaste som var personleg invitert, var dei fem politikarane i teknisk utval. Dette var eit ope, privat folkemøte for å få ut informasjon. Møtet var annonsert på Facebook, og elles spreidd munnleg ved hjelp av jungeltelegrafen. Men i ettertid angrar eg på at me ikkje sende ein personleg invitasjon til også Rustand, seier ho.

– Store konsekvensar

Sjølv om det i denne omgang ikkje var snakk om noko protestmøte, er ikkje Tørrisplass i tvil om kva ho meiner.

– Det er først og fremst anleggstrafikken eg er uroleg for. Mange er kjent med at han har planar om fjøs, men ikkje alle har sett seg inn i at det er snakk om å sprenge, knuse og ta ut store mengder masse, seier ho.

I sakspapira heiter det at meir enn 100.000 kubikkmeter med fast fjell må sprengast ut. Tørrisplass meiner lia ovanfor Nesbyen stasjon til eit anleggsområde i tre år.

– Sjølv måtte eg lage reguleringsplan for å få greidd ut konsekvensane av å skilje ut tre bustadtomter frå gardsbruket. Då heng det ikkje på greip at eit så omfattande tiltak ikkje skal ha ein reguleringsplan. Dette vil få store konsekvensar både for naboar i byggefelta, turisme og anna næring, seier ho.