Luis Luz (t.h.) og Deeq Hassan er to av dei meir enn femti fagorganiserte hotella i Hallingdal som er tatt ut i streik. Begge synest høgare løn og lokal forhandlingsrett er rimelege krav. – Men me håpar ikkje streiken blir langvarig, seier dei.
Luis Luz (t.h.) og Deeq Hassan er to av dei meir enn femti fagorganiserte hotella i Hallingdal som er tatt ut i streik. Begge synest høgare løn og lokal forhandlingsrett er rimelege krav. – Men me håpar ikkje streiken blir langvarig, seier dei.

Krev høgare løn og forhandlingsrett

51 hotelltilsette ved fire reiselivsbedrifter er tatt ut i streik i Hallingdal.

Fellesforbundet krev høgare løn og rett til lokale forhandlingar, men laurdag kveld vart det brot i forhandlingane med NHO Service.

Totalt er meir enn 3300 fagorganiserte tatt ut i streik frå sundag morgon klokka 8.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fullbooka av asiatar

Ved Dr. Holms, Storefjell Resort Hotell, Thon Hotell Hallingdal på Ål og Thon Hotell Bjørneparken i Flå har dei fagorganiserte lagt ned arbeidet. Men ingen av hotella har så langt måtta stenge dørene som ei følgje av streiken.

Ved Thon Hotel på Ål er det Luis Luz og Deeq Hassan som står streikevakt.

– Hotellet er fullbooka av asiatiske bussar. Viss streiken held fram i mange dagar, kan det bli kaos, seier dei.

Begge hadde ei startløn på 156 kroner timen. Hassan har lengst ansiennitet. Han har stige til 177 kroner timen etter ni år. Begge meiner høgare løn er eit rimeleg krav.

– Me driv ikkje streikebryting

Ved Thon Hotel Bjørneparken i Flå, er fem tilsette i streik. Ved Thon Hotel på Ål er elleve tatt ut i strek. Det er kring ein tredel av dei tilsette.

– Me klarar å halde oppe drifta. Det klarar me ved at leiinga tek på oss andre oppgåver og jobbar fleire timar enn me vanlegvis gjer, seier hotellsjef Anne Marit Kollhus.

– Er ikkje det streikebryting?

– Viss me hadde sett andre folk i arbeid, hadde me drive streikebryting. Men som leiarar har me lov å ta over oppgåver for dei som er i streik. Me har eit ansvar for bedrifta, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skarverennsgjestene har sjekka ut

Også dei tre andre bedriftene held drifta oppe ved at hotellsjefar og direktørar brettar opp armane.

– No har eg akkurat tatt ein runde for å tømme søppel. Snart skal eg ta ei vakt i resepsjonen, seier hotellsjef Kim Bjørge Hofslundsengen ved Dr. Holms. Tolv av til saman 70 tilsette vart tatt ut i streik, samtidig som skarverennsgjestene sjekka ut av hotellet.

– Eg er glad streiken fyrst starta sundag. Me har hatt fullt belegg i skarverennshelga, seier hotelldirektør Gro Odden.

Brødrene brettar opp armane

Ved Storefjell Resort Hotell er 23 tatt ut i streik. Det er ein tredel av staben, opplyser hotellsjef Arne Nibstad. Han er ein av fire brør i leiinga i familiebedrifta.

– Me klarar å tilpasse oss ved å ta fleire vakter sjølve. Heldigvis er me ein stor familie. No må brørne i arbeid – i resepsjonen, i baren og i oppvasken, seier Nibstad. Han seier dette er fyrste gongen Storefjell er tatt ut i streik i heile hotellets 86 år lange historie.

– Hotella i byane er verre stilt enn oss. Der er det fleire som må stenge ned heile drifta. For oss er ikkje dette noko stort problem så lenge det ikkje er i høgsesongen, seier han.

Lengtar til å kome i arbeid att

Tilbake til streikevaktene utanfor Thon Hotel på Ål. Dei ser at det står skitne kaffikoppar på borda utanfor hotellet. Normalt ville dei rydda opp.

– Men me kan ikkje jobbe så lenge me er i streik, seier Luz.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg håpar partane blir samde om ein avtale fort, så ikkje streiken blir langvarig. Det er kjedeleg å stå streikevakt, men det må gjerast, seier Hassan.