Gruppeleiar i Hol Ap, Erik Kaupang.
Gruppeleiar i Hol Ap, Erik Kaupang.

Krev at saka blir sjekka

Hol kommune utbetalte ein halv million kroner til ny skiløype. Dei pengane hadde ikkje politikarane løyvd.

Difor ønskjer Hol Ap og Hol KrF svar på kvifor pengane vart utbetalt og har sendt saka til kontrollutvalet.

Er lover og rutinar følgd i denne saka og er dei i samsvar med rutinane Hol kommune skal arbeide etter? spør gruppeleiarane Solveig Håtveit Markegård (KrF) og Erik Kaupang (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ny skiløype

Saka handlar om arbeidet med ei ny skiløype langs Fv40.

I samband med at formannskapet i fjor behandla økonomiplanen for 2014-2017, la administrasjonen fram ei liste med investeringstiltak. På grunn av stramme økonomiske rammer vart få av desse tiltaka lagt fram til politisk behandling. Ifølgje Hol Ap og Hol KrF var ny skiløype langs Fv40 eitt av tiltaka som vart avvist.

– Så ser me at pengane likevel er utbetalt. Pengane er bokført på drifta i 2013 og utbetalt i 2014. Men pengane er ikkje løyvd politisk, seier Solveig Håtveit Markegård. Ho set saka inn i ein større samanheng. Dei økonomisk trongare tidene i kommunen toler ikkje slike utbetalingar utan politisk kontroll, meiner Markegård.

Solveig Håtveit Markegård (KrF).
Solveig Håtveit Markegård (KrF).

– Dette handlar om lojalitet. Det hjelper ikkje kva me vedtek når administrasjonen ikkje følgjer det opp.

Vil ha svar

Erik Kaupang meiner det ikkje ligg noko dramatikk i brevet til kontrollutvalet.

– Me vil berre ha svar på om alt har gått rett føre seg. Då håpar med på eit kurant svar, seier Kaupang.

Kontrollutvalet skal behandle saka fredag. Kaupang reknar med at det møtet vil oppklare saka.

– Det handlar om ein del pengar. No får me ei avklaring på kvifor pengane er utbetalt. Og det er bra, for saka er ikkje belyst godt nok fram til no.