Osvald Medhus sin kronikk om kraftpolitikk, frå 2019, er nypublisert på Hallingdølen sine nettsider. Den er no lesen av 18.000.

Kraftveteranen si åtvaring toppar lesinga på nett

Straumsjokkerte lesarar tyr til Osvald Medhus når dei skal prøve å forstå kva som har skjedd med straumprisen.

Til no har 18.000 lese kronikken hans om temaet.

Kraftveteranen i Hol skreiv i 2019 ein kronikk i Hallingdølen, der han forklarte endringane av kraftmarkmarknaden som var gjort sidan 1992. Han forklarte også kva for endringar som venta i samband med tilknytinga til EUs energiunion.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag vart Hallingdølen-kronikken, «Fakta om krafta vår», plukka opp på nettet. I løpet av to-tre dagar er kronikken av dei mest leste sakene på hallingdolen.no

Les også
Kronikk: Fakta om krafta vår

Mogleg?

– Kan det vera mogleg? Seier veteranen i Hol, når me legg fram tala.

Det er vel ikkje til å undrast at folk er interessert nett no. Straumen kostar skjorta, og det du skreiv er trass alt eit grunnkurs i kraftpolitikk?

– Ja, det var meininga det, kommenterer ein, som vanleg smålåten på eigne vegner, Osvald Medhus.

Manglar

– Det er behov for informasjon om kraft?

– Interessa kan skuldast at det har mangla ein del moment i diskusjonen som har vore i media om dette temaet. Dei rådande politikarane, inkludert Ap, har ikkje snakka om det som verkeleg gjeld i desse sakene, seier den mangeårige Ap-ordføraren i Hol.

Les også
Foreslår 5000 kr til dei med liten inntekt for å hjelpe med straumrekninga

Han peiker på at folk har vanskeleg for å godta at kraft frå kraftverk dei har vore med og nedbetalt, skal koste fleire kroner kilowattimen når produksjonsprisen ligg på ein tiøring.

Ikkje høyrd

– Du tok opp dette i 2019. Snakka du for døve øyre?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg gjorde nok det. Men det kan hende at det eg skreiv løyser ut noko no. Det ville vere fint. Det blir spennande å sjå, seier Osvald Medhus.

Han legg til at innmeldinga i EUs energiunion ikkje er så uskuldig som det blir framstilt frå, mellom anna, partikollegaen, Jonas Gahr Støre. - Det som skjer no er nett det som fleire av oss frykta, avsluttar han.

Les også
Veit enno for lite om ny virusvariant: – Me må vere på vakt
Les også
«Testkøyraren» må i fengsel
Les også
Pengedryss til gode tiltak: - Dette vart julegåve litt før jul