Illustrasjons
Illustrasjons

Kraftig vind stenger fjellovergangane

Det bles hardt i fjellet laurdag formiddag.

Ifølge Vegtrafikksentralen er Fv50 Hol-Aurland stengt. Det same er Rv 7 over Hardangervidda. 

Når det gjeld Hemsedalsfjellet så er vegen framleis open, men det er kolonnekøyring. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mykje vind i vår region i dag. Veret friskna til i natt, og vegane vart stengt etterkvart som nattestimane gjekk. Ved Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet var det ved åttetida laurdag morgon meldt ein vindstyrke på 17 sekundmeter. 

Ifølge Yr.no så vil ikkje vinden avta før søndag kveld. 

Uveret som no herjar er venta å vere ein av vinterens sterkaste stormar. 

Sjekk status for fjellovergangane i Buskerud her.