Brannmannskap frå Geilo, Hol og Gol var med i sløkkingsarbeidet.
Brannmannskap frå Geilo, Hol og Gol var med i sløkkingsarbeidet.

Krafig brann på Geilo - ingen personar skadde

Eit større bygg med mange leilegheiter i Lienvegen på Geilo brann natt til laurdag. Alle som budde i bygget kom seg ut.

Det var klokka 00.36 politiet melde om brannen på Twitter. Det er bilverkstad i fyrste etasje av bygget, og leilegheiter i andre.

- Det var ei dramatisk melding å få, seier Jan Olav Nilsen, leiar på staden frå Hol brannvesen, avdeling Geilo. Han var saman med ambulansemannskap dei fyrste på staden. Det gjekk ei tid før det vart klart at alle bebuarar var kome ut kan han fortelje til Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 0200 opplyste innsatsleiar på staden, Espen Laaveg til NRK at det var gjort greie for alle personane i bygget.

- Me har avhøyrt alle bebuarane som var inne i bygget, som også seier at alle i kvar leilegheit var ute, sa Laaveg tilNRK.

Det er forretnings- og leilegheitsbygget tvers overfor Esso-stasjonen i Lienvegen som har brunne. Forretningsdelen av bygget har ikkje brunne, men har fått vasskader. Det er i leileghietene brannen har starta.

Forretnings- og leilegheitsnygget tvers over for Esso-stasjonen i Leienvegen brann natt til laurdag.
Forretnings- og leilegheitsnygget tvers over for Esso-stasjonen i Leienvegen brann natt til laurdag.
Ingen kom til skade, men leilegheitsdelen av forretningsbygget i Lienvegen på Geilo er heilt utbrend. Brannvesenet klarte heller ikkje å kome til for å sløkke siste rest på grunn av fare for at dalar av bygningen kan rase.

Ei tid var det fare for at brannen kunne spreie seg til dei mange bilane som står parkert rundt forretningsbygget. Brannvesenet fjerna bilar og unngjekk spreiing.
Ei tid var det fare for at brannen kunne spreie seg til dei mange bilane som står parkert rundt forretningsbygget. Brannvesenet fjerna bilar og unngjekk spreiing.
Brannvesenet har drive med ettersløkking, men kan ikkje lenger gå inn i bygget på grunn av fare for at takkonstruksjonane skal ramle saman.
Brannvesenet har drive med ettersløkking, men kan ikkje lenger gå inn i bygget på grunn av fare for at takkonstruksjonane skal ramle saman.
Det er etter alt å døme berre vasskadar i forretningsdelen av bygget. Brannen spreidde seg ikkje ned i førsteetasjen.
Det er etter alt å døme berre vasskadar i forretningsdelen av bygget. Brannen spreidde seg ikkje ned i førsteetasjen.
Det var voldsomme flammer då leilegheitsbygget brann.
Det var voldsomme flammer då leilegheitsbygget brann.

Brannmannskap frå Geilo, Hol, Ål og Gol rykte ut for å sløkke brannen. På det meste var ni bilar i sving. Luftambulanse og politi var også til stades. Ingen andre bygg er skadd, men det var ei tid fare for at brannen kunne spreie seg til dei mange bilane som stod parkert på eigedomen. Brannvesenet fekk trekt fleire bilar bort. 

Riksveg 7 forbi bygget var stengt ein times tid natt til laurdag, men er open att no.

Leilegheitene i andre etasje er totalskadd, og det er også skader på bilar og utstyr i forretningsdelen i fyrste etasje.