(Illustrasjonsfoto)
(Illustrasjonsfoto)

Køyrde av vegen

Ein personbil med fire eldre køyrde ut i Liagardane i Ål laurdag kveld.

I halv tolvtida laurdag kveld fekk politiet melding om ein bil med fire eldre personar som hadde køyrd av vegen og ut på eit jorde på veg opp mot Liagardane i Ål.

Ambulansepersonell var på staden og tok seg av førar og passasjerar.

Artikkelen held fram under annonsen.

To blei sendt til legevakta på Ål med lettare skader.

Dei andre to blei frakta til Ringerike sjukehus med ukjend skadeomfang.

Bilføraren fekk førarkortet beslaglagt og politiet melder forholdet.