Dagleg leiar ved NTG, Torgeir Skrede.

Koronasmitte på NTG Geilo: - Me slapp med skrekken

Det vart verksett raske tiltak då ein trenar på toppidrettsgymnaset på Geilo testa positivt for covid-19.

Trenaren skal ha blitt smitta i eit familieselskap utanfor Hallingdal. Prøvesvaret kom på onsdag og trenaren har vore i karantene sidan tysdag. Ein annan trenar og fire elevar er har blitt testa, men prøvene har vore negative.

Under kontroll

Kommunelege i Hol og Ål, Geir Strømmen fortel at situasjonen er under kontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Smittesporingsarbeidet har vore godt og situasjonen er under kontroll. Trenaren sit i isolasjon, seier Strømmen.

Kommuneoverlege i Ål og Hol, Geir Strømmen

Samtidig fortel Strømmen at NTG har gjort alt riktig.

– Dei har følgt alle reglar og gjort ting riktig, så NTG skal ha ros for det. Om ikkje kunne me hatt eit større utbrot.

Digital undervisning

All felles trening og aktivitet på NTG Geilo vart umiddelbart stoppa. Frå i morgon vil all undervisning skje digitalt og trening individuelt. Dagleg leiar ved skulen, Torgeir Skrede fortel at dei vil ha normal drift frå onsdag.

– Strengt tatt kunne me ha starta opp i dag, fordi det var ingen på skulen førre veke.

Skrede rosar trenaren som sett seg sjølv i karantene førre tysdag.

– Eg er glad for at han var så våken og orienterte oss godt heile vegen.

Karantene

Det var i eit familieselskap trenaren vart smitta førre helg. Då han fekk beskjed at eit familiemedlem hadde påvist smitte gjekk han i karantene tysdag. Onsdag vart han testa og covid-19 vart påvist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag gjennomførte han trening i lag med fire elevar og ein annan trenar. Dei åt middag i lag same kveld.

– Alle dei fem andre testa negativt men sit i karantene i ti dagar totalt. I utgangspunktet var det ikkje stor smitterisiko på treninga. Det skjedde utandørs og det var ingen nærkontakt, fortel Skrede.

Rettleiinga og hjelpa skulen har fått frå smitteverngruppa i Hol har vore god ifølge Skrede:

– Me har fått god hjelp i denne situasjonen, det er eg glad for. Me slapp med skrekken.

Trenaren som er smitta fekk ingen symptom før torsdag.

– Han har berre hatt lette symptom. Eg snakka med han i går og då var han i god form, fortel Skrede.

Lege Jørn Ingve Tømmerstrand og sjukepleiar Marianne Fluto testar potensielle koronasmitta. (Arkivfoto)
Les også
Hallingdal opprettar felles smittesporingsgruppe
Les også
Vil ha felles kommuneoverlege i Hallingdal
Les også
Barnehuset