Ordførar Petter Rukke (t.v.) får jamleg tilbakemeldingar om stoda i kommunen frå innbyggjarar, som her frå eitt av frukostmøta han inviterer til.
Ordførar Petter Rukke (t.v.) får jamleg tilbakemeldingar om stoda i kommunen frå innbyggjarar, som her frå eitt av frukostmøta han inviterer til.

Korleis har holingane det?

Hol kommune spør innbyggjarane om råd når kursen for dei neste åra skal stakast ut.

Derfor går det no ut brev frå kommunen til innbyggjarar over 18 år.

Her blir dei oppmoda om å delta i ei spørjeundersøking for å kartlegge både gode og mindre gode sider ved kommunen dei bur i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Svar på spørsmåla

Kommunen gjennomfører innbyggjarundersøkinga i samband med revisjonen av kommuneplanens samfunnsdel. Dette er den overordna planen for kommunens verksemd.

Perspektivet på planen er 12 år.

– Eg oppmodar innbyggjarane om å svare. Det er viktig å få ein god svarprosent, seier ordførar Petter Rukke (Ap).

Han er stadig i kontakt med kommunens innbyggjarar på ulike møteplassar og i lag og foreningar. Inntrykket er at holingane er fornøgde.

– Eg opplever at me har fornøgde innbyggjarar. Me ligg høgt på tilbod.

Viktige tilbakemeldingar

Like fullt er tilbakemeldingane viktige.

Rukke seier innbyggjarane no har ein god sjanse til å sette sitt prege på lokalsamfunnet. Tilbakemeldingane vil bli tekne med når kursen skal stakast ut for dei kommande åra. Når det gjeld dei som er under 18 år og ikkje får delta i undersøkinga, vil kommunen ta med ungdomsrådet i ei eiga sak.

Sjølve undersøkinga må takast på internett. Dei som ikkje har tilgang til dette, får hjelp på kommunens servicetorg og på kommunehuset i Holet. Ein kan også få hjelp på biblioteka. Undersøkinga er anonym. Nokre av spørsmåla rettar seg spesielt mot utviklinga av Geilo. Rukke håpar folk tek seg tid til å svare.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er spesielt ute etter forbetringspotensial. Men folk må si kva som er bra også, ikkje berre alt som kan bli betre.