Med jamne mellomrom blir Øya camping utsett for flaum, slik som her i 2011. Område som ein framtidig gondolstasjon vil føre til ekstra kostnader for kommunen. Rådmannen meiner det bør vere utbyggjar som tek rekninga og vil heller plassere gondolen sør for Hemsil.
Med jamne mellomrom blir Øya camping utsett for flaum, slik som her i 2011. Område som ein framtidig gondolstasjon vil føre til ekstra kostnader for kommunen. Rådmannen meiner det bør vere utbyggjar som tek rekninga og vil heller plassere gondolen sør for Hemsil.

Kor skal gondolen starte?

Hemsedalspolitikarane står framfor eit viktig vegval.

«Full heispakke» og gondolstasjon på Øya er det mest omfattande blant dei tre alternativa politikarane må velje mellom 22. mai.

Kor skal publikum stige om bord i gondolen? Det står mellom tre alternative løysingar, alle med ulike kostnader. Kommunen har alt brukt vel 1,2 millionar kroner på planen. Det kan fort bli ein halv million til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre alternativ

1. Gondolbanen blir «verbalt skildra» i staden for festa til kartet, plassert sør for Hemsil, med start vest for Bruhaug camping. Alternativet har med ein transportheis og innkøyring til området via Holde bru.

2. Same som over, men med heisar langs Sollaust i tillegg.

3. Gondolbane på Øya, med heisar langs Sollaust, båe delar med trasé teikna inn på plankartet.

Skilnaden på «verbal» omtale og «kartfesting» er både praktisk og økonomisk, for mens omtale ikkje utløyser krav til vidare utgreiingar for kommunen no, vil strekar på kartet gjere det.

Mens alternativ ein vil vere mest rimeleg, vil alternativ tre kunne utløyse plankostnader på mellom 300.000 til ein halv million. Dersom det er tilstrekkeleg å berre omtale ein trasé kan rekninga for utgreiingar i staden hamne hos utbyggjar, når dei kjem til detaljplanlegging.

Bakgrunn

Etter mange år med taudraging mellom grunneigarar og Skistar kom alle endeleg til semje tidlegare i år. Det skulle bli nedfart til sentrum og det vart sett i gang arbeid med gondol opp i fjellet.

No må det uansett fleire utgreiingar til. Det er nemleg kome motsegn mot planen, spesielt frå sentrale myndigheiter. Hemsedølene må bestemme seg for kor omfattande dette skal bli. Særleg alternativ tre går langt ut over det som var politikarane sine opphavlege tankar.

Flaumfaren skapar problem

Det er høyringsrunden som no er over. Utfordringane knyter seg særleg til områda der den nye alpinnedfarten til sentrum vil ligge og basestasjonen for ein gondol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når ein tidlegare i år hadde rydda lokal usemje til sida, trudde mange det var grei skuring. Men høyringa har resultert i fleire utfordrande motsegn mot forslaga.

Spesielt er NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) kritisk. Dei er uroa for å leggje for mykje aktivitet heilt ned på Hemsils elvebreidder og Øya. Dei tenkjer på flaum.

Rådmannen går for alternativ 1

I tillegg meiner fylkesmannen det i planen skortar på «vurdering av dei miljørettslege prinsippa», blant anna i høve til bekkekløfter i Sollaustbekken. Dei vil vite meir om kva for utgreiingar som vil kome når det gjeld landskap og naturmiljø.

Også Statens vegvesen har innspel som kompliserer framdrifta. Nye tiltak i det nye baseområdet påkallar krav om nye innmatingsvegar til området. Dagens Skogstad bru, frå sentrum over til Torsetsida, er ikkje nok.

Rådmannen meiner alternativ 1 er det som ligg tettast opp mot bestillingar frå politikarane, men der er plan og ressurs som avgjer vegen vidare 22. mai.