Ål statlig mottak på Torpo er bestemt avvikla, men kva som blir konsekvensane for kommunen får ein neppe oversikt over før i mars. (Arkivfoto)
Ål statlig mottak på Torpo er bestemt avvikla, men kva som blir konsekvensane for kommunen får ein neppe oversikt over før i mars. (Arkivfoto)

Kor mange blir råka av avviklinga?

Avviklinga av Ål statlige mottak på Torpo vil få konsekvensar, også for kommunalt tilsette.

– Mange er direkte råka, men også indirekte vil avviklinga få konsekvensar for kommunen, seier ordførar Solveig Vestenfor.

Ål statlege mottak har drive asylmottak på gamle Torpo turistsenter i 18 år. UDI har sagt opp avtala og innan 1. mai skal alle ha flytta. Av dei som bur der no er det heile 38 personar som har fått opphald. Desse må rekne med å flytte til eit anna mottak så sant dei ikkje får tildelt ein ny heimkommune. Tre-fire tilsette må ut på jobbjakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva som skjer med bygningsmassen etter 1. mai er førebels uvisst.

Det er for tidleg å seie noko om konsekvensane for Ål kommune, men at det også vil påverke nokre tenesteområder er på det reine. Politikarane har bede administrasjonen om ei oversikt innan 6. mars.

– Nedlegginga påverkar både statlege overføringar og arbeidsplassar i kommunen, seier Vestenfor.

Mottaket har gitt høgare elevtal i skulane og gitt kommunen meir å gjera når det gjeld helsetenester og vaksenopplæring.

I 2015 og 2016 vart jobba for å etablere ytterlegare to nye mottak i Ål. Eitt av desse kom i drift ein kortare periode. No må ein raskt redusere tenestenivået. Ordføraren vedgår det også grip inn i planlagde tiltak i Ål.

– Me må på nytt vurdere kor mykje plass vaksenopplæringa treng. Det grip inn i planane for ei utbygging av Ål kulturhus. Me var også i gang med å utarbeide planen for ein gangveg frå Torpo til mottaket, seier ho.