Samfunns- og næringsutviklar Ann Opheim Jørgensen i Nes kommune.
Samfunns- og næringsutviklar Ann Opheim Jørgensen i Nes kommune.

Kor går Nes?

Nes kommune vil ha bygdefolket med på laget: Kva må til for å skape vekst og utvikling?

– Det gjeld å stå fram som ein interessant stad for å etablere næring og ein stad der folk bur og trivst i, seier samfunns- og næringsutviklar i Nes kommune, Ann Opheim Jørgensen.

Onsdag inviterer ho bygdefolket til dugnad. Det er eit oppstartsseminar på næringsplanarbeidet som skal munne ut i ein strategisk næringsplan.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Viktig

– Det er viktig å lage ein plan, men det viktigaste er prosessen fram til planen er ferdig. Næringslivet, hyttefolk og nesningar, dei som skapar Nes må vere med i dette arbeidet, seier ho.

Arkitekt og planleggjar i Arendal kommune, Michael Fuller-Gee, skal fortelje om kor viktig det er å bygge sterke og levande sentrum som fremjar trivsel og helse blant innbyggjarane. Gjennom å utvikle attraktive stader kan det skapast vekst i eksisterande næringar og etablering av nye, meiner han.

Positiv vilje

– Utfordringane til Nes er som i mange andre kommunar, seier Opheim Jørgensen.

– Me har ein del tomme lokale som me skulle hatt næring i, kommunane blir ikkje rikare, befolkninga går ned, det blir fleire eldre og korleis få dei unge til å bli i bygda – og kome tilbake med kompetansen sin? Det gjeld å skape ei positiv vilje til å utvikle Nes.

– Trengst det ein plan for å gjere det?

– Næringsutviklinga må vere forankra i kommunestyret, som skal løyve pengar og peike ut retninga. Derfor må me ha ein plan, seier Ann Opheim Jørgensen.