Torpo akuttmottak har ikkje fått forlenga kontrakten, i lag med akuttmottak landet over. Frå starten av juli blir det ikkje lenger drift her.

Kontrakten blir ikkje forlenga: Akuttmottaka legg ned drifta frå juli

– Dette gjeld alle akuttmottaka i Hallingdal og Valdres, seier driftsansvarleg Karin Bækken.

Frå november i fjor har fem akuttmottak for ukrainske flyktningar vore i drift i Hallingdal og Valdres. På svært kort tid vart det oppretta mottak over heile landet, tilsett folk og sett i stand bygningar for å vareta alle som kom frå det krigsherja landet.

På Hallingen Høyfjellshotell, Valdres Høyfjellshotell, Hovda Fjellhotell, Stølsdokken og Torpo Gjestegård har det i vinter vore akuttmottak. To av dei ligg i Hallingdal, dei andre i Valdres.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Skulen dobla elevtalet «over natta» - slik var første skuledag for ukrainarane
Les også
Er stadfesta: To nye asylmottak med over 500 plassar - oppstart om åtte dagar

Færre flyktningar

No kjem det færre flyktningar enn rekna med, og dei fem akuttmottaka i våre område har ikkje fått forlenga kontrakten som varer ut juni. Det same gjeld for akuttmottak over heile landet.

Karin Bækken.

– Akuttmottaka vil ikkje ha drift frå sommaren av, seier driftsansvarleg Karin Bækken. Ho legg til at UDI har vald å ikkje forlenge kontrakten med akuttmottaka.

I løpet av vinteren har det kome færre ukrainarar til Norge. Målsettinga er at dei som kjem no skal til ordinære mottak.

Les også
Ventar dei fyrste flyktningane i dag: – Me er eit godt team som står klare til å ta dei imot

Overraskande

Akuttmottaka fekk vite at kontrakten ikkje blir forlenga, for berre eit par dagar sidan.

– Me veit ikkje kva som skjer framover. Norge har stramma inn og gjort ein del tiltak. Det same har Ukraina gjort, så det kjem færre enn forventa. I dag har me på Torpo om lag 22 flyktningar, fortel ho.

Torpo akuttmottak i Ål har ikkje fått forlenga kontrakten med UDI. Her stoppar drifta i starten av juli.

Bækken fortel det vart ei bratt læringskurve då dei på 14 dagar oppretta fem akuttmottak i november i fjor - med alt av logistikk som må på plass.

– Bemanning, utstyr, mat, IKT, HMS og så vidare. På Torpo har me hatt sjølvhushald, men på Hallingen vert det laga frukost, lunsj og middag. Me har hatt ein flott stab som har stilt skikkeleg opp. I tillegg til gode drivarar, fortel ho som sjølv har bakgrunn i hotelldrift.

– Me er litt overraska, og lei oss, for at ikkje akuttmottaka blir vidareført, men me får berre sjå kva som skjer vidare, seier Bækken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Leiger ut fem turistbedrifter til 1100 flyktningar: – Det er bra å ha fått dette på plass