Avdelingsleiar Berit Rustberggard i Gol kommune. (Arkivfoto)
Avdelingsleiar Berit Rustberggard i Gol kommune. (Arkivfoto)

Kommunen erstattar tapet

Kommunen har skjerpa rutinane for korleis tilsette handterer pengane til psykisk utviklingshemma.

– Det er klart at denne saka har avslørt at det har vore svikt i rutinane, seier avdelingsleiar Berit Rustberggard i Gol kommune. Ho seier dei endra rutinane med ein gong dei fekk beskjed om at ein pleiar var mistenkt for å ha underslått pengar.

– Er vedkomande fjerna frå jobben?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vedkomande vart umiddelbart suspendert frå oppgåver som har med pengehandtering å gjere. Fyrst for fjorten dagar sidan fekk me opplyst at mistenkte har tilstått. Eg veit ikkje når saka skal opp for retten, seier ho.

– Har kommunen eit erstatningsansvar?

– Me kjem til å setje pengane attende på kontoen, seier Berit Rustberggard.