Det er snakk om minst 30 millionar statskroner, eller dine og mine pengar, som går med til å frakte ei handfull passasjerar luftvegen mellom Fagernes og Oslo. Det er kanskje Norges mest subsidierte flyrute. Belegget er maks 20 prosent i ei maskin med færre enn 20 sete. Det blir eit snitt på under fire per tur
Det er snakk om minst 30 millionar statskroner, eller dine og mine pengar, som går med til å frakte ei handfull passasjerar luftvegen mellom Fagernes og Oslo. Det er kanskje Norges mest subsidierte flyrute. Belegget er maks 20 prosent i ei maskin med færre enn 20 sete. Det blir eit snitt på under fire per tur

Kommentar: Såpeserien Leirin

Anten er dette bråstopp for all flytrafikk i vår region eller så er det starten på noko heilt nytt.

Høgt politisk spel. Skuldingar. Pengesluk. Kampen om Leirin, ein landsens flyplass i Valdres, har mange fellestrekk med såpeseriane frå 80-talet. Korleis reknestykket såg ut då flystripa vart lagt der i 1984, er ikkje lett å vite i dag.

At flyplassen no for tida er eit enormt pengesluk er visst alle samde om, også dei som meiner ein bør halde oppe drifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er snakk om minst 30 millionar statskroner, eller dine og mine pengar, som går med til å frakte ei handfull passasjerar luftvegen mellom Fagernes og Oslo. Det er kanskje Norges mest subsidierte flyrute. Belegget er maks 20 prosent i ei maskin med færre enn 20 sete. Det blir eit snitt på under fire per tur.

Med transport til og frå flyplassen seier det seg nær sagt sjølv at rutefly til hovudstaden er på grensa, om ikkje langt forbi. Så er også argumenta for vidare støtte at pengane eigentleg handlar om ei støtte til distriktet, lokalt næringsliv og internasjonalt reiseliv.

Regjeringspartia Høgre, men ikkje minst Frp, blir frå tid til annan skulda for å ikkje vere ansvarlege. Slik er det no også, endå dei no har sett ned foten for pengegaloppen.

Dei har sagt at subsidieringa ikkje kan halde fram. Og Ap og Sp, som no sit i opposisjon, meiner pengesluket burde halde fram, fordi lokalt næringsliv no seier dei treng flyplassen, til noko anna – nemleg chartertrafikk.

I korridorane mellom dei politiske partia har lobbyistane herja. Folk med særinteresser og kommunikasjonsfag i kofferten. Dei har jobba for reiseliv og distrikt, for at fjellregionen vår potensielt skal kunne ta imot tusenvis av utanlandske skituristar. 15.000 kvart år, kanskje fleire. Dei vil bety langt meir for lokalt næringsliv enn dei 30 millionane staten spyttar i av subsidiar. Og kanskje har dei også rett i at det er ei gullgruve der ute. Dei har vore krystallklare på at alt går i grøfta om ikkje flyruta held fram.

Ei stund såg det ut til at Venstre og KrF var overbevist, men i siste liten vart det litt turbulens og dei vippa over på regjeringa si side. Fleirtal for Leirin vart til mindretal. Det går altså i grøfta.

Eller ikkje? Som i andre såpeseriar veit ein ofte ikkje helt når serien starta og kor han sluttar. Kjem det ein ny sesong, eller stoppar det slik med oss «sjåarar» åleine med alle våre spørsmål og all vår uvisse?

Når denne runden no er over, er det fleirtal for å sjå på Leirin i eit heilt nytt lys, kanskje utan statseigde Avinor som drivar, og utan nokon fast flyrute, men kanskje med ein heilt ny statsfinansiert chartersubsidiering. Det finst ikkje noko liknande i landet frå før.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om det betyr starten på ein privatisert såpeserie, med nye intrigar, eller om det i praksis likevel er sett punktum for godt er i det blå. I det blåblå.