13-åringane frå Nesbyen, Ådne Mathismoen, Teodor Rødningen og Bernhard Ullestad Stømnes, tykte det var knall med sesongopning allereie 4. november.

Knallopning av skisesongen:– Eg hadde pudderplankar på først. No skal eg heim og hente alpinskia

Med pudderplankane på skuldra og stort smil mellom øyro, rusla han til bilen for å køyre fire minutt bort til hytta for å hente alpinskia.

- Tenk å opne sesongen 4. november med pudder! Alex Dementiev kan knapt tru kva han nett har gjort. Starta skisesongen med å køyre laussnø.

No er gradestokken på pluss ein, så han skal svippe bort til hytta for å hente bakkeskia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alex Dementiev og familien har fått seg hytte på Bøgaset. Dei er strålande glade for valet.

Angrar ikkje

Smilet er like breitt som plankane på skuldra.

– Me er nye her. Har bygd hytte på Bøgaset og flytta inn i juni. Før har me stått mykje i Hemsedal, men hadde ikkje råd til å kjøpe hytte der. No angrar me i alle fall ikkje. Dette er heilt utruleg, smiler Dementiev som var i skibakken Nesfjellet Alpin før heisen starta å gå klokka 10 laurdag morgon. Familien frå Bærum stortrivast i Nesfjellet.

– Her er det åttesetar skiheis med varme i rumpa. Det har eg berre opplevd i Austerrike tidlegare, seier han og skundar seg til bilen.

Trygve Isaksen har hatt hytte i Tverrlia 24 år - og aldri hatt så tidleg sesongopning.

Oppe ved skiheisen treffer me på ein annan blid hytteturist. Denne gongen frå Tverrlia.

– Me har hatt hytte her i 24 år, men aldri starta alpinsesongen så tidleg, seier Trygve Isaksen frå Bærum. Dei køyrde på hytta fredag nettopp for å opne sesongen i bakken.

– Berre sikten me kan klage på i dag. Litt tåkete lenger oppe, ler han som måka halvmeteren med snø frå verandaen på hytta laurdag morgon.

Ådne Mathismoen, Teodor Rødningen og Bernhard Ullestad Stømnes er superglade for tidleg sesongopning.

Hopp og sprett

Nesfjellet Alpin har gitt bort skikort til alle nesningar på barneskulen, til og med sjuande klasse. Resten av bygda får kjøpe sesongkort til halv pris, så sant dei er medlemer i Nesbyen idrettslag.

13-åringane frå Nesbyen, Ådne Mathismoen, Teodor Rødningen og Bernhard Ullestad Stømnes, tykte det var knall med sesongopning alt 4. november. Det var lite å utsette på stilen der dei kom hoppande over kulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Superbra med så tidleg opning, ler dei og skundar seg bort til heisen att. I dag rekk dei mange turar.

Nikolai Jelstrup i Nesfjellet Alpin inviterte til dansgolv laurdag.

Dansegolv

– Me var ferdig med «dansegolvet» fredag kveld, men har produsert snø i ein god periode. Det er kulda på førehand som har gjort at me kan opne så tidleg. Så var det eit pluss med natursnøen som kom, fortel marknadssjef for destinasjonen Nesfjellet Alpin og Nesfjellet Golf, Niolai Jelstrup. Han jobbar her på niande året.

På 700 meter over havet startar skiheisen. Snøen ligg tung på trea og skaper ei stemning utan like for dei som har funne fram skia og kome seg i skibakken i Nesbyen laurdag.

Rekordtidleg opning for Nikolai Jelstrup og Nesfjellet Alpin.

Slått alle rekordar

– Me har aldri opna så tidleg så lenge eg har vore her. Me har nok slått alle rekordar, smiler Jelstrup.

– Eg trur berre Bjorli opna før oss, og kanskje barnebakken i Hafjell. Her opnar me både stolheis og barneheis. Eg er ganske sikker på at me har det beste alpintilbodet i Norge denne helga. Tverrlia med raud bakke er på 1600 meter. Og her er det snøsikkert. Dette er beste marknadsføringa me kan få, smiler han.

Ein halvmeter med nysnø og solid såle.
Rekordtidleg opning i Nesfjellet Alpin.

Til og med fem mil med langrennsspor hadde dei klart å få på plass natt til laurdag.

Nesfjellet Alpin har utvida opningstider i år. Fram til 22. desember held dei ope i helgene, men etter 22. desember held dei ope kvar einaste dag fram til 7. april, med helgeopning etter den datoen.

– Me har så langt hatt 408 gjester i dag, og så langt ligg me langt framfor tala i fjor når det gjeldt kjøp av sesongkort, smiler Jelstrup.

Artikkelen held fram under annonsen.

SkiGeilo fredag kveld. Her var det strålande skiføre. Så Nesfjellet var slett ikkje aleine om å opne i helga.