Skogshorn.
Skogshorn.

Klatrarar berga med helikopter

Politiet fekk melding ved 19-tida torsdag om at to fjellklatrarar sat fast i Skogshorn.

Klatrarane i 20-åra sat fast oppe i fjellet Skogshorn i Hemsedal torsdag kveld. Politiet opplyser om at det ikkje har vore noko dramatikk, men at luftambulansen henta ut klatrarane ved 22-tida.

Dei to klatrarane skal ha vore i fjellet og klatra heile torsdagen. Politiet fekk melding ved 19-tida at dei ikkje klarte å kome seg ned ved eiga hjelp. Det skal ha vore nærare ti minusgrader, men vindstille i området.