Mølla Sportell Apartments er til saman på 52 einingar. 12 er selt, men med dei reguleringane som ligg på eigedomen vil det bli vanskeleg å få selt fleire. Fjellandsbyen har klaga på reguleringsvedtak.
Mølla Sportell Apartments er til saman på 52 einingar. 12 er selt, men med dei reguleringane som ligg på eigedomen vil det bli vanskeleg å få selt fleire. Fjellandsbyen har klaga på reguleringsvedtak.

Klagar på Mølla-vedtak

Fjellandsbyen AS fryktar milliontap på Mølla. Asle Torset Skogstad har klaga på politisk vedtak.

Det er strid om kven som skal ta «byrda» med utleigesengene og kven som får «bonusen» med fritidssengene i Mølla-området i Hemsedal.

12 Mølla-einingar er no selt vidare, mens håpet var 17. Dei fem som står att er ikkje salbare med utleigeplikt. Det betyr eit økonomisk tap.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er jo ein tragedie at me søkte kommunen i utgangspunktet, seier Asle Torset Skogstad i Fjellandsbyen AS.

Tre tomter under eitt

Det er dei tre tomtene Mølla Hyttegrend, Sameiget Mølleplassen og Attme Åne som, i plansamanheng hjå kommunen, blir sett under eitt. Det skaper plunder.

Gjennom selskapet Fjellandsbyen AS kjøpte Torset Skogstad Mølla Sportell Apartement frå Nordea i 2013 etter ein konkurs året før.

Etterpå har det vore usemje om korleis fordelinga av fritidseiningar og næringstomt skal fordelast.

– Me har klaga på at reguleringa er gjort til vår ugunst, seier Torset Skogstad.

Klage, også på inhabilitet

Klagesaka kjem på bordet til hovudutval for plan og ressurs i Hemsedal kommune i dag, torsdag.

– Eg forstår ikkje problemet. Reguleringsplanen er klar, og dersom nokon les den annleis er det feil. Alt dette var klart før kjøpet, seier utvalsleiar Odd Holde. Tidlegare har han sagt at dei nye eigarane tok ein kalkulert risiko då dei kjøpte Mølla.

Men Holde er ein del av problemet, meiner Torset Skogstad. I klagesaka er det stilt spørsmål ved habiliteten hans. Det er ikkje tillit til hans rolle og saksbehandling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Habiliteten er vurdert og eg er klarert, seier Holde. Klagesaka går mest truleg direkte til fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Ulik fordeling

Når det gjeld sjølve saka er det slik at planen seier det skal vere 70 prosent næring og 30 prosent fritid for området sett under eitt. Men det er ulikt fordelt på dei ulike eigedomane.

Konkret er det snakk om 52 einingar i Mølla Hyttegrend, men i staden for 17 fritidseiningar (30 prosent) står Fjellandsbyen med 6 (11 prosent).

Attme Åne, som har same eigar, var før 70/30, men er no spesifikt regulert til næring. Dette betyr det at det er dei 20 einingane på Sameiet Mølleplassen som får mest av fritidskaka. Sameiga er fritatt for utleigeplikt.

Styreleiar i sameiga har uttala til Hallingdølen at dei heller ikkje ønskjer endingar på reguleringa.

– Attme Åne vil ikkje bli utbygd slik reguleringa ligg i dag. Eigedomen får ligge der til framtidige generasjonar, seier Asle Torset Skogstad.