Tony Kjøl, Tor Egil Buøen og Erik Kaupang var oppgitt og provosert etter folkemøtet i Eidfjord. – Eg fryktar at vegspørsmålet hamnar på bordet til statsråden, seier Kjøl.
Tony Kjøl, Tor Egil Buøen og Erik Kaupang var oppgitt og provosert etter folkemøtet i Eidfjord. – Eg fryktar at vegspørsmålet hamnar på bordet til statsråden, seier Kjøl.

Kjøl: – Fryktar at statsråden får bestemme

Det verste som kan skje er at dei viktige vegvala blir gjort på samferdselsministerens kontor.

Det er Tony Kjøl som seier dette.

– Vår frykt er at statsråden eller ein statssekretær får bestemme. Då veit me E134 står sterkt, seier Kjøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgre-ordføraren frå Hol har ikkje så mykje tiltru til si eiga regjering i vegspørsmålet om aust/vest-samband. Aust/vest-utgreiinga, som no er venta ferdig i januar, skal danne grunnlag for seinare å meine noko om prioriteringar for Nasjonal transportplan (NTP).

Kjøl viser til at utgreiinga også er sagt å skulle ha betydning for arbeidet med Hardangerviddatunnelen, og den såkalla KVU-en, konseptvalutgreiinga.

– Det hadde vore mest ryddig om KVU-en fekk gå uavhengig av aust/vest-utgreiinga. Det er uheldig om statsråden får farge planane som vegvesenet skal jobbe vidare med, seier Kjøl.

– Eg kan jo også ta feil, legg han til.