Drosjeeigar Helge Guse og kollegaene er lei av det dei meiner er trafikkaos på Geilo stasjon på utfartsdagar. Her viser han kor dårleg plass det er mellom ein buss og hotellas minibussar. – Her presser privatbilane seg fram. Det blir kaos, seier Guse.
Drosjeeigar Helge Guse og kollegaene er lei av det dei meiner er trafikkaos på Geilo stasjon på utfartsdagar. Her viser han kor dårleg plass det er mellom ein buss og hotellas minibussar. – Her presser privatbilane seg fram. Det blir kaos, seier Guse.

– Kaos berre forbokstaven

På utfartsdagar er det så mykje folk på Geilo stasjon at det skapar trøbbel for hotellbilar og drosjer. – Kaos er berre forbokstaven, seier drosjeeigar Helge Guse.

No vil han og kollegaene ha forbod mot privatbilar på stasjonsområdet.

– Offentleg og kommersiell transport må gå føre seg på stasjonsområdet. Køyrearealet er vorte mindre etter ombygginga. Når privatbilar kjem for å levere, blir det totalt kaos. Då står det alt opp til åtte minibussar frå hotella, bussar og drosjer her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trongt om plassen

Guse står på Geilo stasjon torsdag føremiddag.

Her står fem minibussar frå hotella i tillegg til ein buss. Dei har reserverte plassar. Men mellom minibussane og bussen er det minimalt med plass. Verre er det når passasjerane også skal laste inn bagasje på dei travle dagane.

– Torsdag, fredag og sundag er dei verste dagane. Då er kaos berre forbokstaven. For det fyrste kjem me ikkje ut med kundane. For det andre er det trafikkfarleg, seier Guse.

Skiltinga er ikkje ferdig på den nyutbygde Geilo stasjon.
Skiltinga er ikkje ferdig på den nyutbygde Geilo stasjon.

I tillegg kjem også til tider svært mange privatbilar.

– Mange trur det er fritt fram. Det er sett av tre-fire plassar til avlevering med privatbilar, men det kjem mange fleire.

– For mykje folk

Trafikktilhøva skaper mykje irritasjon blant sjåførane.

Når det «går som verst» må også drosjene ha ein eigen mann for å koordinere kundane. Fordi drosjene ikkje kjem raskt nok ut med kundane, blir køen difor til tider lang. No meiner han Hol kommune bør fjerne den nye gangvegen i Geilovegen på nedsida av stasjonen mot Holmsundergangen.

– Generelt er det for mykje bilar i sentrum. Men fjernar dei den eine gangvegen, kan dei legge til rette for effektiv parkering der. Det er mest fornuftig. Då kan privatbilane levere dei reisande der og gå trappa opp. Så slepp me å ha dei på stasjonsområdet, seier Guse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjenner problematikken

Prosjektleiar for utbygginga av Geilo sentrum i Hol kommune, Erik Kaupang, er kjend problematikken på stasjonsområdet.

– Dette har vore tema på møte me har hatt med Jernbaneverket som eig stasjonsområdet og NSB. Det er ulike meiningar om personbiltrafikken på stasjonsområdet, men me ser at dette er ei utfordring. For det er kaotisk til tider med mykje folk og mykje bagasje, seier Kaupang.

Stasjonsområdet er ikkje ferdig skilta etter utbygginga som no snart er ferdigstilt. Men måndag skal kommunen drøfte skilting i Geilo sentrum. Der kan dette bli tema. Men Kaupang trur ikkje det er særleg aktuelt å gjere om gangveg til parkering i Geilovegen.

– Då stoppar ein noko av trafikken i Geilovegen. Men dette har med vanar å gjere. Kanskje må me drive litt opplæring av folk. På andre stasjonar er det heilt vanleg at ein ikkje får køyre inn på stasjonsområdet.